– Byggesaksgebyr vart redusert med 92 prosent

Askøy bør ta ein full gjennomgang av alle utskrivne plan- og byggesaksgebyr frå 2011 og fram til no, oppfordrar Jann Atle Jensen (Demokratane).

Vil ordførar Terje Mathiassen ta initiativ til at Askøy i framtida legg ved spesifisert timelister ved utskriving av plan- og byggjesaksgebyr, for å dokumentera at kommunen føl sjølvkostprinsippet, spør Jann Atle Jensen (Demokratane).

Det er ikkje berre i Fjell innbyggjarane stiller spørsmål ved dei kommunale gebyrregulativa og kva kostnadar som bør inngå i sjølvkostprisnippet.

Les: Krev dokumentasjon på vassgebyret

Ifølgje sjølvkostprinsippet kan ein kommune ikkje ta seg betalt for offentlege tenester utover det det kostar å produsera tenesta. Askøy kommune kan difor ikkje ta seg betalt for behandlinga av plan- og byggjesaker utover dei kostnadane som faktisk går med til å behandla saka, skriv Jensen i ein interpellasjon til ordførar Terje Mathiassen (A).

Redusert med 92 prosent
At innbyggjarane i Askøy klagar på plan- og byggjesaksgebyra, veit Jensen. Han viser også til at det kan nytta å klaga.

Ein næringsdrivane som i 2015 klaga på byggesaksgebyret fekk kravet på 272.646 kroner redusert med heile 92 prosent, til 19.958 kroner.

– Kommunen gav medhald i at rekninga var 14 gongar høgare enn det kommunen kunne dokumentera som kostnadar i tilknyting til sakshandsaminga, skriv Jensen.

I februar skal ordføraren møta i Bergen Tingrett for å forsvara eit kommunalt byggesaksgebyr på 80.000 kroner.

Toppen av isfjellet?
Jensen tvilar på at dette er dei einaste klagene på plan- og byggesaksgebyr i Askøy siste åra.

No vil kommunestyrerepresentanten ha alle korta på bordet. Kor mange klager har kommunen motteke på plan- og byggesaker frå oktober 2011 og fram til no? Kor mange av klagarane har fått medhald, spør Jensen ordføraren i interpellasjonen.

– Det er grunn til å tru at mange er blitt belasta med urimelege plan- og byggesaksgebyr avdi avdelinga sine totale kostnadar vert lagt til grunn, og ikkje kostnadane i den spesifikke saka, skriv Jensen.

Tilbakebetaling
Jensen oppfordrar ordføraren til å ta initiativ til ein uavhengig gjennomgang av alle utskrivne byggesaksgebyr pålydande meir enn 20.000 kroner frå oktober 2011 og fram til no, for å dokumentera om dei føl sjølvkostprinsippet.

Gebyr som viser seg å vera for høge, bør reduserast og godskrivast søkjar, føreslår Jensen.

Timelister
Alle nye fakturaer for plan- og byggjesaksgebyr i Askøy bør frå no av verta vedlagt spesifiserte timelister som viser kva kostnadar kommunen har hatt i dei einskilde sakene, oppfordrar Jensen ordføraren om å ta initiativ til.

Med tanke på framtidig praksis, bør Askøy få utført ein uavhengig revisjon av korvidt Fagavdeling for areal og samfunn føl sjølvkostprisnippet.

Kommunestyret i Askøy skal behandla Jensen sin interpellasjon torsdag denne veka.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s