30 meter frå dei badande i Gjeitevikja friluftsområde kokte sjøen av eit utslepp frå Straume Næringspark i går ettermiddag.
(Saka er oppdatert)

Eit utslepp av ein eller annan sort fekk sjøen like utforbi Gjeitevikja frilufstområde til å koka og syda i går ettermiddag.
Store bobler braut vassflata i raskt tempo, berre kring 30 meter frå dei badande som nytte den fine seinsommardagen på badeplassen.
Kjent problem
I Bergen og omland Friluftsråd er dei kjende med problemet:
-Dette skjer kvar dag medan Sundolitt-fabrikken er i produksjon, seier dagleg leiar Åge Landro i BoF til nettavisa Tunnelsyn.
– Utslepp så nær ein badeplass er heilt uakseptabelt, sjølv om det er heilt ufarleg. BoF har store planar for vidareutviklinga av Gjeitevikja, og vi har bedt dei i i det minste flytta utsleppet lenger vekk frå badeplassen, seier Landro.
Trass i at BoF har hatt det Landro karakterisere som ein god dialog med Sundolitt, har det ikkje skjedd noko konkret for å etterkoma ønskjet frå friluftsrådet.
Meldt til fylkesmannen
BoF har fleire gongar klaga på utsleppa, som er meldt til fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen hadde tilsyn der i fjor haust og tok prøvar.
Hanna Gjesdal, avdelingsleiar for miljø, geodata og oppmåling i Fjell kommune viser til at det er fleire aktørar i området. Ho ønskjer ikkje uttala seg utan meir informasjon, viser berre til Fylkesmannen.
Isoporperler i strandsona
Ein periode var det også eit stort utslepp av isoporperler til sjø. BoF måtte i vår rydda strandsona for store mengder små isoporperler, ei nær håplaus oppgåve, ifølgje Landro.
Utsleppet i går var synleg frå lang avstand. Såvidt det var råd å sjå, førte det ikkje til misfarging av sjøen. Det var ikkje merkbar lukt i området.