12 nausteigarar i Tarlevika på Viksøy i Sund må betala til saman 1,1 millionar i tvangsmulkt for ulovlege byggjetiltak. Fleire tilsvarande saker kan vera under oppsegling.

Planutvalet i Sund sa i går samrøystes nei til den felles klagen frå dei 12 nausteigarane om å få redusert tvangsmulkta. Tvangsmulkta er tidlegare stadfesta av fylkesmannen i Hordaland.
Bot som svir
Det kostar å bryta Plan og bygningslova. For kvar av nausteigarane inneber mulkta frå Sund kommune eit utlegg på en stad mellom 90.000 og 98.000 kroner.
Kostnaden kjem på toppen av utgifta til å tilbakeføra nausta til godkjent stand, og til advokat.
Avslag på dispensasjonssøknad

– Ei svært beklageleg sak for dei det gjeld, men vi må følgja lovar og reglar. I dette tilfellet har nausteigarane fått avslag på ein dispensasjonssøknad om tiltak som alt var utført, seier leiar Svein Otto Jacobsen (FrP) i planutvalet i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.
Konkurs
Vedtaket er førebels siste kapittel i ei sak som strekkjer seg heilt tilbake til 2003. Då fekk dei 12 nausteigarane løyve til å byggja naust i to etasjar. Eit tilsyn i 2014 avslørte at dei ferdige nausta avveik frå dei vedtekne planane på fleire punkt, både innvendig og utvendig. Mellom anna var det bygd ulovlege betongaltanar som stakk 1,65 meter ut frå veggen langs heile naustrekkja.
Det høyrer med til historia at verksemda som utførte naustanlegget for lengst har gått konkurs.
Systematisk
Planutvalet i Sund er kjend med at det skjer eindel ulovleg bygging i kommunen. No ønskjer dei å gripa fatt i både gamle og nye synder på ein systematisk måte, fortel utvalsleiaren.
Jacobsen nektar for at Sund kommune går rundt og leitar etter syndarar. 3 – 4 andre pågåande saker med pålegg om riving risikerer likevel å enda med tilsvarande resultat, om ikkje ansvarleg søkjar nyttar dei anledningane kommunen byr dei til å rydda opp, åtvarar Jacobsen.
Riva betongaltan

Nausteigarane på Viksøy fekk høve til å søkja om dispensasjon for å sjå om dei ulovlege tiltaka kunne verta lovleg. Dispensasjonssøknaden vart avvist. I staden fekk nausteigarane pålegg med tidsfrist om å riva betongaltanane og tilbakeføra nausta til samsvar med den vedtekne byggjesøknaden frå 2003. Vedtaket omfatta og varsel om tvangsmulkt.
Kravet om tilbakeføring vart påklaga, og Fylkesmannen i Hordaland stadfesta kommunen sitt rivingsvedtak.
– Inga overrasking
I denne siste klagen hevda nausteigarane mellom anna at dei har fått dårleg informasjon frå kommunen.
– Vedtaket om tvangsmulkt bør ikkje koma som noko overrasking. Saka har versert lenge. Kan hende har dei overlate for mykje av ansvaret til advokaten, antydar Jacobsen.
Utan sidestykke
Storleiken på mulkta er utan sidestykke i Sund, etter det Jacobsen kjenner til. Det er dagsmulktene som er hovudårsaka til at summen overstig 90.000 kroner for dei einskilde.
– Nausteigarane valde å forhandla med kommunen etter at dagsmulktane byrja å gå, istaden for berre å rydda opp. Hadde dei fullført tilbakeføringa innan fristen, kunne bota ha enda med 20.000 kroner, hevdar Jacobsen.
Sjå på eigne feil
– Få med deg at dette med opprydding skal gå begge vegar. Planutvalet skal sjølvsagt også ta fatt i saker der det vert hevda at kommunen har gjort feil. Innbyggjarane skal oppleva at dei vert rettferdig behandla, uansett kva veg vedtaka går, seier Jacobsen.
Det er flott at kommunen føl opp. I Øygarden gjer ein som ein vil!
LikarLikar