Å inspirera unge jenter til å lika teknologi, vil opna døra til mange av morgondagens arbeidsplassar.

Girl Tech var tema då Fjell folkeboksamling tirsdag inviterte jenter i alderen 9 til 11 år på fest på biblioteket.
Landsomfattande
Arrangementet var del av ein landsomfattande aksjon for å få unge jenter til å ta ei meir aktiv rolle ovanfor teknologi, fortalde koordinator Maria Reisænen til nettavisa Tunnelsyn.
Dei 30-tals jentene som deltok fekk prøva å komponera sin eigen teknomusikk. Dei fekk koda eit lite dataspel, og dei fekk 3D-printa sin eigen ring.
Girlpower
– Mange av morgondagens arbeidsplassar vil vera innan teknologi. Vi ønskjer at jentene skal få eit lite innblikk i den store breidda av fagfelt på området, sa Reisænen.
-I dag er jenter underrepresenterte i teknologiske fag. Målet er å inspirera jentene til å tørra å delta på lik linje med gutane.
Girl Tech var ei vidareføring av kodekurst for jenter som biblioteket arrangerte i sommar.
Stor breidde
Den digitale teknologien omfattar alt frå mattematikk, fysikk og geoposisjonering til kunstneriske fag som visualisering og musikk.
Jentene som deltok på søsterarrangementet i Bergen fekk også prøva seg på lodding og programmering av mikrochippar, ifølgje Reisænen.