Opnar for hurtigbåt til Ågotnes

Erfaringane med hurtigbåt mellom Ågotnes og Bergen under Sykkel VM gav meirsmak. Med dagens køsituasjon kan tiltaket vera verd å prøva.

Marianne Bjorøy arbeider for ei ordning med hurtigbåt frå Ågotnes til Bergen. (Arkivbilete)

Fjell kommune jobbar for å få til ei ordning med hurtigbåt frå Ågotnes til Bergen.

Det fortalde ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som svar på ein interpellasjon frå Andreas Sjalg Unneland i dages kommunestyre der han viste til dei vellukka erfaringane frå Sykkel VM.

Les: -Ka tid kjem båtruta?

Reisevaneundersøkinga viser at ein hurtigbåt kanskje ikkje er det beste alternativet for å redusera køane til og frå Sotra, men med dagens køsituasjon kan det vera verd å prøva, sa Sandahl Bjorøy.

Konkret jobbar Fjell kommune med å få tilgang til parkeringsareal og kaiplass på CCB. Dei er også i dialog med Skyss om saka.

– Ein hurtigbåt vil også ha ein kostnad. Om båten vert eit reelt alternativ, er kommunestyret forberedt på å ta kostnaden? spurte Sandahl Bjorøy.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s