– Unødvendig maktdemonstrasjon

Ekspropiasjonssaker er kontroversielle. I Fjell skal dei heretter avgjerast av Formannskapet, ikkje av Kommunestyret, og utanfor dekning av Radio Sotra.
(Saka er oppdatert)

Vedtaket i Kommunestyret i Fjell vart gjort med knappast mogeleg fleirtal, 18 mot 17 røyster.

Eitt punkt i framlegget til endringar i delegasjonsreglement i plansaker i Fjell vakte strid og sterke kjensler i dagens kommunestyre.

Endringane har bakgrunn i Høgre/FrP-regjeringa sitt ønskje om ei meir effektiv sakshandsaming i det offentlege. I den siste versjonen av Plan og bygningslova opnar det for at kommunane kan delegera ansvaret i ei rekkje saker frå Kommunestyret til lågare instansar.

Knappast mogeleg fleirtal

– Ein unødvendig maktdemonstrasjon, hevdar Svein Bergh (SL). Han hadde håpa posisjonen skulle trekkja det kontroversielle framlegget.

Rådmannen sitt framlegg om å delegera avgjerda i ekspropiasjonssaker frå Kommunestyret til Formannskapet møtte imidlertid sterk motbør.

Ein samla opposisjon, med KrF, FrP, SotraLista, Senterpartiet, Venstre, SV og Miljøpartiet stemte for eit alternativt framlegg frå Daniel Victor Sandvik (FrP) om at ekspropiasjonssaker skal avgjerast av Kommunestyret. Framlegget til rådmannen vart vedteke med knappast mogeleg fleirtal – 18 mot 17 røyster.

– Eg hadde venta at dei skulle trekkja framlegget. Dette var ein unødvendig maktdemonstrasjon, sa Svein Bergh (SL) i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn etter at saka var avgjort.

Få, men kontroversielle
Det har vore langt mellom ekspropasjonssakene i Fjell, hittil. Dei får som har vore, som ekspropiasjonen av grunn til rundkøyringa på Straume, har til gjengjeld skapt høge bølgjer.

Les: Fleirtal for ekspropiasjon – skjermar politisk komiteleiar

Rådhuset si handtering av denne siste saka retta dessutan eit lite flatterande søkjelys på komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) si uheldige dobbeltrolle.

Debattane i Kommunestyret kan veljarar i heile nye Øygarden følja via Radio Sotra. Med den nye ordninga vil det verta mindre støy. Frå Formannskapet må innbyggjarane i beste fall nøya seg med eit redigert referat.

– Ekspropiasjonssaker er såpass viktige og inngripande for dei det gjeld at Kommunestyret bør avgjera dei, hevda Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Daniel Victor Sandvik (FrP) hadde ikkje problem med Regjeringa sine endringar av Plan og bygningslova.

Kan, ikkje skal
– Det står i lova at kommunestyret kan delegera, ikkje at vi skal delegara. Her vert det føreslege å gå lenger enn det lova legg opp til. Fleire småparti er ikkje representert i Formannskapet, og vil no ikkje kunna uttala seg, hevda Sandvik.

FrP-representanten har berre vore med på to slike saker i alle dei periodane han har bak seg i Kommunestyret. Arbeidsbelastninga vil med andre ord ikkje vera større enn at dei folkevalde kan leva med det, hevda han.

Forutsigbarhet for utbyggjar
– Dette handlar om gjennomføringa av dei reguleringsplanane vi alt har vedteke. Om vi ikkje står ved dei, har vi ei utfordring. Då må vi la vera å vedta reguleringsplanar, innvende varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

– Ekspropriasjon vil kun verta nytta når det føreligg ein vedteken reguleringsplan. Tiltaket vil skapa forutsigbarhet for dei som brukar millionar på å få gjennomført ein reguleringsplan som kommunestyret har vedteke, sa Indrevik.

Varaordføraren meinte at det vil ta kortare tid dersom Formannskapet skal avgjera saka, enn om ho må opp i Kommunestyret.

Alle partia må med
– Varaordførararen si dramatisering går over støvleskafta. I valet mellom effektivisera og imøtekoma enkeltinnbyggjarar i kommunen, vel eg å la innbyggjarane få skikkeleg behandling. La alle partia vera med på behandlinga, oppfordra Skogestad.

Svein Bergh (SL) såg ikkje varaordføraren sitt argument om å korta inn tida. Her er det snakk om å gå inn på annan mann sin eigedom, og då bør Kommunestyret vera med på avgjerda.

Indrevik såg at han kan hende hadde teke litt hardt i:

– Innbyggjarane er viktig, dei må vi ta omsyn til. Vi vedtek reguleringsplanar, men tek ikkje konsekvensane. Eg har ei heil liste med saker som er så viktige at vi bør trekkje tilbake delegasjonen. Demokrati er også å delegera, sa Indrevik.

Rikspolitikk
– Det var ein god grunn til at Senterpartiet stemte med FrP i Komite for plan og utvikling. Det kan vera at reguleringsplanane skulle ha vore betre gjennomgått før dei vert vedtekne. Heile Kommunestyret skal vera med. Kommunestyret er øvste organet i kommunen, sa Jorunn Gjersvik (Sp).

Atle Justad (A) syntes det var interessant å merka seg at KrF har trekt støtta til det største Regjeringspartiet, men støttar FrP lokalt.

– Eg har vanskeleg for å forstå at Frp av alle parti skulle vera mot ei slik effektivisering. Eg har oppfatta FrP si haldning som ei prinsipiell haldning mot oreigning. Kommune har nærast vore handlingslamma i slike saker. Kven er det som er folk i desse sakene? Er det grunneigarane som krev uforhaldsvis mykje, eller er det familiane som vil byggja og bu og som til sist må ta rekninga? Eg kan ikkje sjå at FrP er partiet for folk flest i denne saka, heller, hevda Justad.

– Det er interessant når ein trekkjer rikspolitikken inn i Kommunestyret. Denne saka dreier seg om at Kommunestyret skal behandla saker om oreigning, svara Skogestad.

Andreas Sjalg Unneland (SV) syntes det var artig at han som sosialist forsvarar eigedomsretten, medan Høgre snakkar om ekspropiasjon. Når hovudargumentet for endring er effektivitet, er ikkje det god nok grunngjeving, slik han ser det.

– Vedtekne planar bør gjennomførast
– Det er kommunestyret som vedtek reguleringsplanane. Då meinar vi at dei bør gjennomførast. Om det kjem opp ei sak om at ein reguleringsplan som kommunestyret har vedteke ikkje bør gjennomførast, meinar vi at Formannskapet er rette organet, hevda Henning Ekerhovd (A) – leiar for Komite for plan og utvikling.

– Ein reguleringsplan planlegg på annan manns eigedom. Meinar Henning Ekerhovd at formannskapet då skal ta eigedomen frå han? spurte Kjell Rune Garlid (SL)

– Regjeringsmakta gjev oss mulighet for effektive planprosessar. Om Kommunestyret meinar det, så er det til beste for kommunen sine innbyggjarar, svara Ekerhovd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s