Prioriterer tilsettparkering framfor publikum

Kommunestyret i Fjell oppfordrar publikum om å nytta garasjeanlegget til politisk komiteleiar når dei har ærend på rådhuset eller i helselandsbyen.

Forslaget om å prioritera dei tilsette, og henvisa publikum til Kystbygarasjen, skapte dårleg stemning i KrF. Fv. gruppeleiar Odd Bjarne Skogestad, Knut Thore Algrøy og Elna Nybakk (SotraLista). Kristin Brennhaug med ryggen til.

Det byrjar å verta kamp om parkeringsplassane i tilknyting til Fjell rådhus og helselandsbyen på Straume. På dagtid er ikkje 657 parkeringsplassar nok til å dekka behovet for kommunalt tilsette, heimetenesta, publikum og politikarar, framkjem det av rådmann Steinar Nesse sitt saksframlegg til gårsdagens møte i Kommunestyret.

Parkeringsplassane vil no verta skilta. Dei kommunalt tilsette vil verta prioriterte. Berre eit fåtal av plassane vil vera reservert for besøkjande. Dei som parkerer ulovleg risikerer å verta bøtelagt.

Kystbygarasjen

Kan smila. Sartorsjef og komiteleiar Ernst M. Einarsen får drahjelp av kommunestyret i Fjell til å fylla parkeringsplassane i Kystbygarasjen.

Besøkjande til arrangement i kultursalen på dagtid vert i kommunestyret sitt vedtak oppfordra om å parkera i Kystbygarasjen eller reisa kollektivt, framkjem det av punkt to i det samrøystes vedtaket.

Kystbygarasjen vert eigd av Sartor Storsenter, der leiar Ernst Morten Einarsen i komite for drift og forvaltning er ein av dei største eigarane. Det overdimensjonerte underjordiske parkeringsanlegget har heile 1500 plassar – langt fleire enn det handlesenteret har behov for. Ein vanleg dag vert mindre enn 500 plassar nytta av senteret sine kundar og tilsette.

Les: Kontrollerer verdiar for fire milliardar

Besøkjande framfor tilsette
Ikkje alle dei folkevalde var like begeistra for forslaget. Forslaget skapte særleg dårlig stemning i KrF. Knut Thore Algrøy delte ikkje rådmannen si bekymring over at manglande tilsetteparkering ville svekka rekrutteringa til Fjell kommune. Algrøy tok til orde for at det er dei besøkjande som bør få gratis parkering, ikkje dei tilsette.

– Over 400 parkeringsplassar vert nytta av dei tilsette i Fjell kommune. Klart det vert knapphet. Vi må snu denne trenden. Sikra at dei som verkeleg treng parkering også får det, sa Algrøy.

– Vaktmeistaren bør nyttast til førebyggjande drift og ikkje som parkeringsvakt, hevda KrF-representanten.

– Det bør innførast avgift på tilsetteparkering i alle kommunale bygg. Avgiftsparkering for dei besøkjande får vi koma tilbake til, foreslo Algrøy.

– Ein bør unngå å bøtleggja folk som parkerer ulovleg. Det kan føra til negative oppslag i media, meinte Odd Valvatne (A).

Ikkje reklamera
Elna Nybakk (SotraLista) var samd i at det er viktig å sikra gode parkeringstilhøve for dei som har ærend i helselandsbyen.

– Det vert ikkje rett å skriva i vedtaket at dei andre skal parkera i Kystbygarasjen, innvende Nybakk.

Også Daniel Victor Sandvik (FrP) syntes det vart feil å reklamera for Kystbygarasjen. Vi bør heller visa til at det finst private parkeringsanlegg i nærleiken, argumenterte han.

Varaordførar Tom Georg Indrevik viste til at Fjell kommune har pålagt eigar å byggja Kystbygarasjen. Vi bør heller vera stolte over å kunna tilby eit parkeringsanlegg med 1500 plassar, framhaldt Indrevik.

P-avgift for tilsette
– Det bør ikkje vera sjølvsagt at dei tilsette skal kunne parkera gratis. På min arbeidsplass må vi betala. Det har ført til at det er vesentleg fleire som reiser kollektivt eller som samkøyrer. Dei tilsett bør betala, på lik linje med andre innbyggjarar i kommunen, innvende Brith Ediassen (V).

Som eit ekstra punkt i vedtaket fekk rådmannen fullmakt til å greia ut betaling for tilsettparkering ved kommunale bygg, med tanke på innføring innan utgangen av neste år. Men først må Kommunestyret få ei ny sak til behandling.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s