Solsentre til sals

Brun og Blid sel unna dei eigeneigde solsentrene. Satsar i staden på franchise.

Brun og Blid held døra vid open for nye franchisetakarar.

Brun og Blid Holding AS nyt eit anonymt tilvære i Bjorøygården på Straume, med Thorbjørn Frantzen som dagleg leiar og eineeigar.

Siste året har solsenterkjeden seld unna halvparten av dei tidlegare eigeneigde solsentrene til franchisetakarar, ifølgje Finansavisen.

Til sals
Ytterlegare seks av solariumkjeden sine solsentre er for tida til sals, ifølgje kjeden sine eigne heimesider. Krav til eigenkapital hos potensielle franchisetakarar er minimum 600.000 kroner.

Endringa i organisasjonsform og eigarskap viser att i rekneskapen for fjoråret. Brun og Blid Holding konsernet opplevde i fjor at omsetnaden nærast vart halvert, frå 103,8 til 56,6 millionar kroner.

Resultatet enda på minus 12 millionar kroner.

Offer for nye reguleringar

Diskret. Berre skiltet til Norsk Solariumservice AS vitnar om at Norges største solsenterkjede held til på Straume. Norsk Solariumservice er største selskapet i Brun og Blid konsernet.

 

Overgangen til franchisedrift er ikkje heile forklaringa. Tekniske problem i kjølvatnet av implementering av nytt betalingssystem som skulle sikra at Regjeringa sitt nye krav om 18 års aldersgrense vert følgd, førte til tap av inntekter i fjor, ifølgje Finansavisen.

Sverige
I eit forsøk på å oppretthalda veksten, valde kjeden å satsa i Sverige. Satsinga er no nedlagt. Det svenske dotterselskapet er konkurs. Ovanfor Finansavisen opplyser Frantzen at den feila satsinga i nabolandet kosta dei 40 millionar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s