Gjennom linsa

Alle kommunar fortenar ei fotobok. No har Sund, Fjell og Øygarden fått si.

Natur, kulturhistorie og den moderne strilen kan vera eit stikkordsmessig forsøk på å oppsummera innhaldet i den nye fotoboka frå Sund, Fjell og Øygarden. (Foto: Kristine Scott).

”Vilt og vakkert. Sund, Fjell og Øygarden i bilder» er tittel på boka som vart høgtideleg lansert med tonefylgje av Ole Amund Gjersvik på kontrabass og Algrøy Bygdakor i dag.

Det er Sotra Fotoklubb og Strileforlaget som står saman bak den spektakulære boka med godt over 200 bilete. Her har øykommunane i vest fått eit fotobok som toler å verta brukt til å selja regionen.

Fanga augneblinken
Sjølv kallar dei snaut 20 medlemmane i Sotra Fotoklubb seg for glade amatørar. Glade i å fotografera er dei i alle fall. ”Vilt og vakkert” viser at fotografane veit å bruka blikket. Vi har vel alle vore i ein situasjon der vi har tenkt: Dette, dette skulle eg hatt eit bilete av. Medlemmane i Sotra Fotoklubb har klart å fange magien i nett slike augneblinkar.

Strileforlaget har hatt eit vell av bilete å velja mellom. Det har slett ikkje vore einkelt å gjera det endelege utvalet, seier dagleg leiar Jan-Ove Hansen.

Natur, kultur…
Tematisk famnar bileta over eit breitt spekter. Natur, kulturhistorie og den moderne strilen kan vera nokre oppsummerande stikkord for kva fotografane har fanga gjennom linsa, men fortel langt frå ikkje alt.

Boka tek for seg kommune for kommune, og startar, som undertittelen antydar, heilt i sør. Kvar seksjon har føreord av ordføraren i kommunen. Ei inndeling som gjer at lesarane oppfattar at Sund er meir enn Golten, for å sitera forlagssjefen.

Format
Mange av bileta held ein kvalitet som fint kunne tålt eit langt større format. På den andre sida har forlaget valt eit format som gjer at fotoboka frå Sund, Fjell og Øygarden vil stikka seg ut i eikvar bokhylle. Garantert.

Kvart av bileta fortel si eiga historie. Ingen tekstar får forstyrra det visuelle inntrykket. Dei som vil vita meir, finn ein oversikt over kvar bileta er tekne, og kven som er fotograf heilt bakerst.

Vilt og vakkert er trykt i 2.000 eksemplar. I Strileforlaget reknar dei med å ha seld ut heile opplaget før året er omme, så her gjeld det å skunda seg.

Sykkel VM
Sotra Fotoklubb har så langt levd eit heller anonymt tilvære. Dette vert likevel ikkje det siste vi får sjå av dei på ei stund. Klubben har fått pengar til å laga ein utstilling med bilete frå Sykkel VM. Den vil vi venteleg få sjå før jul, seier Halvor Skurtveit i Sotra Fotoklubb.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s