Fellesnemnda går «live»

Innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden skal kunna følgja diskusjonane i møtene i Fellesnemnda via nett-tv.

Det vart klart under dagens konstituerande møte i Fellesnemnda som skal førebu dei tre kommunane på å slå seg saman frå 1. januar 2020.

Spørsmålet om streaming av forhandlingsmøtene kom opp som eiga sak.

Integrasjon
Dei 17 medlemmane i Fellesnemnda vedtok at det skal investerast i eige teknisk utstyr og naudsynt programvare for å gjennomføra eit slikt tilbod. Programvaren skal vera integrert med kommunane sitt saksbehandlingssystem.

Slik vil publikum kunna klikka seg inn på saksdokumenta parallelt med møteoverføringa. Opptaka frå møta vil også verta lagra på nett.

Investering
Erfaringar frå andre kommunar antydar at investeringa vil kosta ein stad mellom 175.000 og 225.000 kroner.

Fellesnemnda/ kommunane skal sjølv stå for drifta av systemet.

Første aktuelle møte for overføring via nett-tv vert 30. oktober.

Fellesnemnda vedtok at møta i hovudsak skal finna stad i Vestnytt-huset på Skjenet på Straume.

Intensjonsavtalen
I intensjonsavtalen for «Vår nye kommune» frå mars 2016 vert det lagt vekt på at innbyggjarar og tilsette skal få god informasjon om prosessen. Streaming av møta og overføring via internett, vil vera eit av fleire tiltak i så måte.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s