Kari Anne Landro ny leirar i Fellesnemnda

Overraskande opprør mot Marianne Sandahl Bjorøy i første møtet i Fellesnemnda som førebur ny kommune.

Kari Anne Landro skal leia Fellesnemnda for Fjell, Sund og Øygarden fram mot nye Øygarden i 2020.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell har vore leiar for den førebuande fellesnemnda.

Det var Sylvia Haugland (TVØ) frå Øygarden som lanserte det overraskande forslaget om at ordførar Kari Anne Landro (H) i Sund bør overta leiarvervet i Fellesnemnda under nemnda sitt konstituerande møte i dag.

Grunngjevinga var heller diffus, og det var tydeleg at det dei siste dagane har funnes stad eit grasrotopprør i Sund, særleg. Sandahl Bjorøy var møtt med påstandar om å ha teke avgjersler utan å ha rådført seg med dei øvrige medlemmane i utvalet. Plasseringa av prosjektleiinga i Vestnyttbygget i Skjenet var det argumentet som kom tydelegast fram.

Arbeiderpartiet sine medlemmar, ikkje berre i Fjell, men også i Sund og Øygarden, støtta opp under Sandahl Bjorøy sitt kandidatur.

Den skriftlege avstemminga viste 10 røyster for Kari Anne Landro og sju for Marianne Sandahl Bjorøy.

Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun (TVØ) held fram som nestleiarar i Fellesnemnda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s