Kollsnes aktuelt som landanlegg for CO2

Kollsnes peikar seg ut som eit mogeleg landanlegg i samband med planan om lagring av CO2 frå norsk industri i Smedheia-formasjonen aust for Trollfeltet.

Det melder nettstaden E24 etter eit møte på Statoils kontor på Fornebu i dag.

Statoil har tidlegare fått i oppdrag frå Staten om å leia det ambisiøse CO2- lagringsprosjektet som har ei totalramme på fleire milliardar kroner. Statoil har i dag inngått avtale med Norske Shell og Total E&P Norge om samarbeid om fangst av CO2 frå norsk industri og lagring på norsk sokkel.

Totalt 1,5 milliardar tonn CO2 årleg skal fangast frå tre industrianlegg på austlandet; Norcems sementfabrikk i Brevik, Yara sitt produksjonsanlegg i Porsgrunn og forbrenningsanlegget på Klemetsrud i Oslo.

Planen er å frakta CO2 med skip til eit landanlegg på Vestlandet, for vidare transport via røyrleidning til sokkelen. I følgje Statoil er Kollsnes ein av tre stadar som er aktuelle for plassering av eit landanlegg.

Eit alternativ kan vera direkte injeksjon av CO2 via lossebøyer direkte til anlegga på havbotnen, ifølgje E24.

Avgjerda vil verta gjort seinare i år, ifølgje Statoil, melder E24.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s