Kvar fjerde klagar fekk medhald

Askøy kommune har motteke 79 klager på byggesaksgebyr siste fire åra. Kvar fjerde klagar fekk nedsett gebyret.

Ordførar Terje Mathiassen (A) i Askøy er tilhengjar av sjølvkostprinsippet, men vil ikkje at gebyrrekninga i plan- og byggjesaker skal vera vedlagt timelister. (Arkivbilete).

Det var ordførar Terje Mathiassen (A) som sist veke orienterte kommunestyret i Askøy om dette, som svar på ein interpellasjon frå Jann Atle Jensen (Dem).

Les: Byggjesaksgebyr vart redusert med 92 prosent

Askøy kommune har som mål at kommunale gebyr skal følgja sjølvkostprinsippet.

Medhald
Statistikken viser at det kan nytta å klaga på byggjesaksgebyret i Askøy.

Sidan kommunen starta differensiert registrering av klagesaker i 2013, har dei motteke totalt 79 søknadar om å få nedsett gebyret i plan- og byggesaker. 21 av dei har fått heilt eller delvis medhald, fortalde Mathiassen.

53 søknadar er avslegne. Av dei er 17 påklaga. Av dei påklaga avslaga har tre fått medhald i kommuneadministrasjonen. Fylkesmannen har stadfesta kommunen sitt vedtak i 12 av klagesakene. To saker er returnert til kommunen for ny handsaming.

Vid kalkyle
Sjølvkostprinsippet inneber at gebyret for handsaming av plan- og byggjesøknadar skal dekka alle utgiftene kommunen har med å produsera tenesta. Kommunen nyttar ein heller vid kalkyle, som omfattar alt frå IKT-system, kontorstøtte, opplæring, kantine, rekneskap, revisjon og husleige, ifølgje svaret frå ordføraren.

– Det er akseptert og vurdert som hensiktsmessig at gebyra vert basert på gjennomsnittsvurderingar, hevdar Mathiassen.

Fond?
Ordføraren medgjev at gebyra i einskilde tilfelle likevel kan vera i høgaste laget:
– I den grad inntektene frå byggjesaksgebyra er høgare enn anteke, vert overskytande sett av på fond til dekning av eventuelle underskot seinare år.

Uavhengig revisjon
Mathiassen lovar å ta initiativ til ein uavhengig revisjon av sjølvkostprinsippet for byggjesak og private planar for å sikra at gebyra er i samsvar med sjølvkostprinsippet.

At gebyrrekninga heretter bør vera vedlagt ein oversikt over faktisk medgåtte timar, vil Mathiassen likevel ikkje høyra snakk om.

Liten andel
Ordføraren ser heller ikkje noko grunnlag for ein total gjennomgang av alle ilagte byggjesaksbebyr høgare enn 20.000 kroner i perioden, slik Jensen etterspør.

– Av det totale talet på handsame søknadar, utgjer søknadane om nedsetjing av ilagt gebyr eit liten andel, hevdar Mathiassen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s