Opnar for Straumekonfliktar 2.0

Ingen kommunal plan i Fjell har vore årsak til så mange konfliktar som Straumeplanen. No vil Formannskapet opna for ein ny runde.
(Saka er oppdatert.)

Tom Georg Indrevik.
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) vert saksordførar for rulleringa av Straumeplanen. Noko opplegg for innbyggjarmedverknad har han ikkje klart. Tvert om går han langt i å antyda at vi som bur i området er inhabile.

15 familiar har måtta forlata heimane sine. Ei ekspropiasjonssak. Fleire bustadeigarar har fått blokker omtrent oppå terrassen. Andre har mista sol og utsikt. I tillegg kjem eit gigantisk garasjeanlegg med innkøyring i feil ende av sentrum i forhald til R555.

Fyllinga i Straumsundet er også ein konskevens av Straumeplanen. Sundet er delvis fyllt med stein, med redusert tryggleik for småbåtførarar som konsekvens.

Les: Her budde det ein gong 10 familiar

Les: Trafikal skallebank på Straume

Les: Fleirtal for ekspropiasjon – skjermar politisk komiteleiar

Les: Ny Ankerhagenkonflikt på Straume

Konflikter som alle er direkte følgjer av Straumeplanen, eller Kommunedelplan for Straume, som vart vedteken i 2006.

Rullerer kontroversiell plan
Kommunedelplan for Straume bør rullerast, tilrådde eit samrøystes formannskap i Fjell i dag.

Forslaget kom som lyn frå klår himmel. Planen er ikkje omtalt i det kommunale planprogrammet, som prioriterer kva planarbeid kommunen skal utføra i nær framtid.

Les: Vil ha kommunedelplan for Nordre Litle Sotra inn i planstrategien

Nokon påtrengjande bustadmangel er det ikkje i Fjell. Folkeveksten har omtrent stoppa opp, og framleis er det kring 1.500 ubygde bustadar i vedtekne reguleringsplanar innanfor plangrensa til Straumeplanen

I heile kommunen er det for tida 349 bustadar til sals.

Eldre, vedtekne reguleringsplanar, er eindel av det arbeidsgruppa no skal vurdera.

Korvidt arbeidet vil føra til at plangrensa vil verta justert, vert opp til den politiske arbeidsgruppa.

Midt i sentrum
– Det er det nye området vi får midt i sentrum ved å fylla ut i Stovevatnet som er årsaka til at Straumeplanen no skal rullerast, seier varaordførar Tom Georg Indrevik (H) til nettavisa Tunnelsyn.

Ein reguleringsplan vil ikkje vera tilstrekkjeleg. Her må ein sjå heilskapen, hevdar Indrevik.

I tillegg har kommunen fått eindel innspel frå utbyggjarar i randsona. Innspel som har blitt avviste fordi dei ikkje passar inn i den noverande planen, la Indrevik til.

– At planen kjem opp til rullering no, bør ikkje overraska nokon. Dette har vore flagga før, la varaordføraren til.

Nye konfliktar er Indrevik ikkje bekymra for:

– Konfliktane er gløymt, hevdar han.

– Plansmia for Ågotnes var eit interessant eksperiment for å sikra innbyggjarmedverknad. Der vart det også teke i bruk nye digitale verktøy for å henta inn innspel, sa varaordføraren til nettavisa Tunnelsyn.

At opplegget på Straume vil verta tilsvarande, vil han likevel ikkje lova. Tvert i mot gjekk han langt i å antyda at dei som bur i området er inhabile i diskusjonen.

Les: – Ta kontroll over utviklinga

Saksordførar
Indrevik vert saksordførarar for planarbeidet. Formannskapet vert politisk styringsgruppe. Ikkje Komité for Plan og Utvikling, slik det kunne vera nærliggjande å tru ut frå organisasjonsstrukturen i Fjell.

Helena Morland Hansen (H) var glad for at arbeidet kjem i gang. Ho stussa likevel over at det er formannskapet som skal få ansvar for arbeidet. Noko forklaring på den ukonvensjonelle ansvarsforankringa fekk ho likevel ikkje.

Med seg i arbeidsgruppa får Indrevik ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) og Anita Garlid Johannessen (FrP).

Svein Bergh (Sotra Lista) vart først føreslegen som opposisjonen sin representant, men vart avvist av Justad og Indrevik.

– Det er viktig å invitera inn Sund og Øygarden, for å unngå å gje inntrykk av at Fjell kuppar planarbeidet i den nye kommunen, hevda Kjell Rune Garlid (SotraLista).

Etter litt diskusjon enda det med at Sund og Øygarden vert invitert til å delta i referansegruppa, ikkje i sjølve planarbeidet, slik rådmannen føreslo i sitt saksframlegg.

Har vi ressursar til dette?
Odd Bjarne Skogestad (KrF) ville gjerne ha status på visjonar og mål på den opphavelege planen, mellom anna når det gjeld mjuke trafikkantar.

Ei slik utgreiing vil inngå i rulleringa, forsikra rådmann Steinar Nesse.

Atle Justad (A) var bekymra for økonomien. Saka kom opp like etter at rådmannen hadde orientert om eit netto underskot på 40 millionar kroner samanlikna med budsjettet for 2017. Samstundes har Fjell avsett åtte årsverk til prosjektorganisasjonen som arbeider med nye Øygarden.

Arbeidet skal skje parallelt med arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litle Sotra. Har kommunen ressursar til to slike store planprosjekt samstundes? Kor stort behov vil det vera for kjøp av eksterne ressursar, undrast Justad.

– Ressurssituasjonen bekymrar meg og, svara Nesse. Arbeidet er nødvendig sidan vi skal fylla att Stovevatnet. I tillegg har vi eindel problem i randsona som vi må handtera,

Planarbeidet på Straume vil ikkje koma i gang før over nyttår. Det vil vera naudsynt å henta inn eindel eksterne ressursar til å gjennomføra utgreiinga, men sjølve arbeidet skal utførast av arbeidsgruppa, ifølgje rådmannen.

Arbeidet med Straumeplanen vil også verta samkjørt med Kommunedelplan for Nordre Litle Sotra, fekk Garlid forsikringar om frå teknisk avdeling.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s