Askøy-leiar skal granskast for korrupsjon

Ein betrudd leiar i Askøy kommune skal granskast for korrupsjon.

Påstandar om brot på habilitetsreglane og direkte innkjøp for større beløp enn 500.000 kroner, står sentralt i den eksterne granskinga av ein leiar i Askøy kommune.

 

Leiaren, som har vore tilsett i Askøy kommune i mange år, skal ha sørga for at verksemda til ein nær slektning vart tilgodesett med ei rekkje oppdrag til ein samla verdi av 33,6 millionar kroner frå 2009 og fram til i dag, framkjem det av sakspapira til siste møte i kommunestyret.

Direkte innkjøp
Innkjøpa skal ha vore gjort som direkte innkjøp, trass i at dei einskilde oppdraga har ein verdi på meir enn 500.000 kroner som den gongen var grensa for når eit oppdrag må lysast ut.

Oppdraga skal ha utgjort ein vesentleg del av inntektene for familieverksemda, som auka omsetnaden betydeleg i perioden.

Ekstern gransking
Kommunestyret drøfta saka bak lukka dører sist veke. Lukkinga skjedde av omsyn til personvernet.

Påstandane skal granskast eksternt, vedtok kommunestyret.

Etterlyste fakta
Gjennomføringa av sjølve granskingsoppdraget vart drøfta i eit ekstraordinært møte i formannskapet i dag.

Varaordførar Bård Espelid (AL) hadde gjerne sett at formannskapet hadde meir fakta på bordet om avdelinga sin innkjøpspraksis før oppdraget vert lyst ut eksternt. Det ville ha gjeve grunnlag for ein meir presis beskrivelse av oppdraget, slik han såg det.

På sidelinja
Kommunestyret har sett rådmann Eystein Venneslan på sidelinja i granskingsprosessen. Han måtte difor avstå frå å svara på Espelid sine spørsmål. Dei interne undersøkingane rådmannen har gjort tyder imidlertid på at saka ikkje er så einkel som ho kan hende kan framstå, ifølgje Venneslan.

Den korrupsjonsmistenkte leiaren jobbar framleis i Askøy kommune.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s