Strilen som skal samla Fjell, Sund og Øygarden

Inntil nyleg var Straume ein stad Paul J. Manger berre køyrde forbi, undervegs til friluftsopplevingar i Øygarden. No skal han samla Fjell, Sund og Øygarden til eitt rike, med Straume som kommunesenter.

Paul J. Manger. Strilen som skal samla Fjell, Sund og Øygarden stortrivest når han kjenner havet i ansiktet.

Paul J. Manger frå Radøy kjente lite til Fjell, Sund og Øygarden då han søkte jobben som prosjektleiar for kommunesamanslåinga. Inntil nyleg var Straume ein stad han berre køyrde forbi. Då ungane var små drog familien ofte frå bustaden i Bergen til Ormhilleren eller til Hellesøy for å fiska. Tyssøy er òg ei stad han har gode minner frå gjennom fleire tiår.

– I denne jobben er det naudsynt å ha eit breiare perspektiv enn berre Straume, understrekar strilen som har budd i Bergen sidan 1980.

Les: Helsa Manger velkomen

Afrika
Det merkast at Manger har hatt nokre møte med media i samband med den nye jobben han starta i for ein månad sidan. Faktisk så freista han å ta over regien på intervjuet. Når eg kommenterer det, smiler han berre.

CV-en antydar at Paul J. Manger er ein typisk byråkrat. Han har jobba innan statleg forvaltning mesteparten av sitt vaksne liv. Men så enkelt er det ikkje å setja han i bås. I SIU (Senter for internasjonalt universitetssamarbeid) var han oppteken av å leggja til rette for forsking og utdanning i utviklingsland. Gjennom hyppige reiser til land i Afrika, men også Asia, fekk han innsyn i framande kulturar.

– Tanzania var vårt viktigaste samarbeidsland. Der har eg vore omlag 15 gongar, men ikkje kall meg nokon Afrika-ekspert, smiler han.

– Eg synes det er spanande å møta nye miljø. For å læra folk å kjenna må ein vera nyfiken og spørjande, og vera interessert i å få vita kva dei står for.

Selja til ambassadørar
Den erfaringa som kanskje har prega han mest, fekk han då Utanriksdepartementet i 2004 overtok ansvaret for dei norske ambassadane frå Norad, men mangla ressursar og kompetanse på fleire felt. SIU vart utfordra på å vera bindeledd mellom norske universitet og universitet i utviklingsland. Manger lukkast med å selja prosjektet inn til fleire ambassadørar, til beste for både dei norske og dei internasjonale universiteta.

– Mange har fått nytte av det som vart sett i gang den gongen, hevdar han.

Tilretteleggjar
Rolla som prosjektleiar for nye Øygarden tilseier at det er politikarane som skal styra. Manger skal vera tilretteleggjar og koma med innspel. Kommunikasjonen må vera tovegs. Begge partar må koma med visjonar og idear, og så får ein sjå kva som kjem ut av det, tenkjer han.

– Etter 30 år i arbeidslivet er eg oppteken av resultat. Bringa folk saman for å få ting til, seier Manger.

Fjell, Sund og Øygarden er ikkje dei første kommunane som slår seg saman. Frå utsida kan prosessen kan hende framstå som uoversiktleg, men oppgåvene er godt dokumentert.

Inndelingslova og Hovudavtalen
Inndelingslova regulerer kva som skal gjerast, kven som skal involverast og kva roller dei skal ha.

Hovudavtalen mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar tilseier at dei tilsette skal involverast i utviklings- og endringsprosessar i organisasjonen. Her er også det partssamansette utvalet, som i Nye Øygarden har ni politikarar og seks tillitsvalde, nedfelt, fortel Manger.

Det aller viktigaste er kanskje å informera om det som skjer. Heimesida til ”Vår nye kommune” er i så måte forbilledleg, rosar Manger.

Gjera folk nyfikne på fyrtårnet
Kommunesamanslåing er ikkje noko ukjent tema for radværingen. I Os der han har jobba dei siste fire åra, stod kommunesamanslåing på dagsorden i meir enn to år. Dei starta forhandlingane med fem kommunar, og enda med berre Os og Fusa.

Fem tilsvarande prosjekt pågår parallelt i Hordaland. Manger har alt etablert kontakt med tilsvarande organisasjonar for Alver og Bjørnafjorden kommunar.

– Det er viktig å lytta til andre i same situasjon. Læra av og til kvarandre, seier han.

– Nye Øygarden har visjon om å vera eit fyrtårn. Då er det viktig å senda ut signal som får andre til å verta nyfikne på kva vi held på med her vest, smiler Manger.

Bu- og arbeidsregion
Prosjektleiren ser både fellestrekk og forskjellar mellom den nye kommunen han skal hjelpa til å sjå dagens lys, og dei to andre prosjekta i Bergens-området. Nye Øygarden og Alver er bundne saman til ein bu og arbeidsregion av kommunikasjonar som vart etablerte på 1970- og 1980-talet. Bjørnafjorden har ferje, noko som gjer det vanskelegare å pendla, sjølv om mange osingar etterkvart har fått seg jobb hos Frank Mohn i Fusa.

I Nordhordland er det også tre kommunar som skal slå seg saman, med dei utfordringane det inneber. Knarvik er eit klårt definert senter, som Straume er her.

-Vi skal få til noko
Ein stor og to små kommunar. Vart du overraska over det utslaget forskjellane i storleik fekk for valet av leiar for Fellesnemnda?

– Eg har jobba med å administrera politikk i snart 30 år. I politikken kan alt skje. Det handlar om posisjonar og samarbeid. Det skal mykje til for å overraska meg. Eg har stor tru på at vi skal få til noko her, smiler Manger.

Vedhoggaren
For ein utanforståande kan det vera freistande å tenkja at Manger har lagt bak seg ei klassereise frå småbruket der han vaks opp i Radøy. Erfaringane frå oppveksten sit framleis i. Stormar det for mykje rundt han, er vedhogst ein aktivitet han finn stor glede i.

– Vedhogst er avkopling. Eg er god til å kløyva, men enno betre til å lø (stabla veden, red. merk.), smiler han.

– Når du legg ein kubbe i peisen, veit du at han har varma 4 – 5 gongar før. Først når du høgg treet, så når du kløyver, stablar og bærer inn veden, smiler han.

Vedhogst var ein aktivitet som opptok han lenge før Lars Mytting skreiv boka ”Heil Ved”.

– Eg har fått nokre eksemplar av den, ja, smiler han.

Friluftsliv og matauk står høgt på prioriteringslista på fritida. Nyleg var han på sopptur i regnveret. Mykje sopp vart det ikkje, men turen var fin, forsikrar han.

Når samtalen kjem inn på lokale turterreng, verkar Manger oppriktig glad for å verta tipsa om Kyrkjevegen og turmuligheten i Foldnesmarka like i nærleiken av kontoret på Skjenet.

Les: Opplev Foldnesmarka

Ta kontakt!
Noko av hemmelegheiten med å lukkast med oppdraget som prosjektleiar, trur Manger er å vera nyfiken, stilla spørsmål og vera interessert i andre.

Denne første månaden har han hatt stor pågang frå folk som ønskjer å møta han. Sjølv håpar han å få møta flest mogeleg personar frå Fjell, Sund og Øygarden, anten dei no representerer lag, organisasjonar eller næringslivet. Både folk som vil ha informasjon, og dei som har synspunkt dei meinar bør med i prosessen.

Framleis har han hol på timeplanen i vekene framover, så berre ta kontakt, oppfordrar prosjektleiaren som skal losa Nye Øygarden i hamn innan 1. januar 2020.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s