Gjestekommentar: Kor tid kjem båten? eller bybana på sjø?

Når så mange ulike interesser trekkjer i same retning, har Andreas Sjalg Unneland, Aud Karin Oen og Symphorien Pombe tru på at hurtigbåtsambandet mellom Ågotnes og Strandkaiterminalen i Bergen vert noko av, truleg før 1.2.2019.

Ja, det har SV på fylkestinget og i kommunestyra spurt om lenge.
Av Aud Karin Oen, Andreas Sjalg Unneland og Symphorien Pombe, SV

Køane veks, utslippene veks og frustrasjonen veks.
Køane til dei tre kommunane i vest vil ingen ende ta, i alle høve ikkje før nytt Sotrasambandet er klart.

Det er lenge til for dei som står i kø, anten ein sit i bussen eller i bilen. Flaskehalsane er mange og kapasiteten er sprengt for lenge sidan. Tusenvis av strilar brukar mange timer i kø kvar veke. Vekkasta tid som kunne vore brukt på familie og fritid. Folk er frustrerte og det er på tide at dei vert teken på alvor.

Søndag 24. september skjedde det ei historisk båtreisa. Reisa gjekk frå Ågotnes til Strandkaiterminalen, på 25 minutt, på den breiaste «vegen» i heile Noreg.

Les: Ka ti kjem båtruta?

Dette ekstra kollektivtilbodet var sett inn i samband med sykkel-VM, og var ein gedigen suksess. Passasjerane er nøgde og mange etterspør eit permanent tilbod. Sjøvegen til Bergen fra kommunane i Vest har vore brukt av strilar i generasjonar og ligg klar til å takast i bruk.

Hurtigbåt fra Sotra til Bergen vil kunne gje mange ein lettare kvardag, vil fjerne kø fra vegane, er vedlikehaldsfri og den gjev oss mogelegheiten til å ta i bruk ny miljøvennleg teknologi. Det er på trappa ein ny generasjon med hurtigbåtar som vil ha heit andre utslepp enn dagens. Miljøet skrik etter betre løysingar som tek framtidas utfordringar på alvor.

Næringslivet ønskjer ein hurtigbåt og folk i Vest ønskjer ein hurtigbåt.

Kurt Rune Andreassen på CCB har lenge vore positiv til å freista få til ei sjøbasert arbeidsrute mellom Ågotnes og Bergen. Basen kan brukast som utgangspunkt for ei båtrute, utan at det kjem i konflikt med baseaktivitetane uttalar han til Tunnelsyn.

Ordførar i Fjell Marianne Bjorøy er og positiv, og no forsyne meg og byråden i Bergen Anna Elisa Tryti, som seier ho vil byggja ei bybane til sjøs mellom bydelane i Bergen og omegnskommunane. Askøy og Knarvik har hurtigbåt alt så då må det vera Sotra ho meiner.

Les: Opnar for hurtigbåt til Ågotnes

Eg vonar fylkesordføraren og fylkeskommunen kan ta ei leiarrolle i å få alle gode krefter til å jobba saman, berre då vil me lukkast.

Kommunane i Vest får no pengar til infrastruktur frå regjeringa i samband med kommunesamanslåinga. Eg kan ikkje tenkja meg nokon betre måte å bruka noko av dei på!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s