Torpederer Tverrsambandet?

Strid om statlege planleggingsmidlar gjer at eit tverrsamband over Herdlafjorden mellom Askøy og Meland, og vidare til Øygarden, framstår som meir i det blå enn nokon gong.

Eit tverrsamband frå nordre Askøy til Meland vil korta reisetida til Mongstad. Viktigast kanskje, at dei reisande vil sleppa køane i Bergens-området.

 

 

Framtida til Tverrsambandet mellom Askøy og Meland stod på dagsorden under Formannskapet i Askøy sitt ekstraordinære møte sist fredag. Her ba ordførar Terje Mathiassen (A) i Askøy om formannskapet si tilråding framfor det føreståande eigarmøtet i Sambandet Vest AS.

40 minutt til Mongstad
Eit tverrsamband frå Kollsnes via Askøy til Meland og vidare til Mongstad har lenge vore ein draum for næringslivet på nordre Askøy. Med ei bru, eller ein undersjøisk tunnel, vil det berre ta 40 minutt til Mongstad, 15 minutt med ferje til Kollsnes.

I dag må dei den lange omvegen om Bergen og køane der.

Les: Satsar på Tverrsambandet

Strid om fem millionar
Samarbeidspartnarane i Sambandet Vest AS har i to omgongar fått tildelt til saman fem millionar kroner frå Kommunal og moderniseringsdepartementet til planlegging. Formelt sett er det Meland som har fått utbetalt pengane. I Meland insisterer dei no på at heile beløpet skal nyttast til interne vegstrekkjer i Meland, Radøy og Lindås i samband med kommunesamanslåinga.

Mot prioriteringane
I Askøy meiner dei ein slik bruk strid mot prioriteringane i samarbeidsselskapet. Her framkjem det at det er sjølve brua som skal kryssa Herdlafjorden mellom Askøy og Meland som er viktigast å få på plass.

– Det er brusambandet som har fått tildelt dei statlege planleggingsmillionane, hevdar dei i Askøy.

Trekkjer seg ut
Det føreståande eigarmøtet må avklara korvidt det er sjølve fjordkryssinga eller dei interne vegsambanda i Nordhordland som skal prioriterast, seier Mathiassen.

Om Meland, Radøy og Lindås held fast på sine prioriteringar, kan resultatet verta at Askøy trekkjer seg ut av Sambandet Vest AS. Alternativt bør Askøy innta ei meir passiv rolle, som B-aksjonær, rår formannskapet.

Beredskap
Eit nordleg brusamband frå Askøy mot Nordhordland vil vera sentralt i beredskapssamanhang, Eit argument som vart understreka i søknadane til departementet om midlar, argumenterer formannskapet i Askøy.

Få noko att
– Vi er nøydd til å få ei avklaring på kva dei vil. Askøy kan ikkje bruka pengar på noko som ikkje gagnar oss. Vi kan ikkje bruka pengar på noko på andre sida av brua, utan at vi får noko att, seier Elsa Benjaminsen (A).

– Om Sambandet Vest AS skal ha einsidig fokus på regulering av vegtrekkjer i andre kommunar, vert formålet med selskapet Sambandet Vest meir og meir sekundært. I så fall kan det vera fornuftig at Askøy trekkjer seg ut i ei meir passiv rolle. Då er vi nøydd til å sjå på andre tiltak når det kjem til beredskap, seier varaordførar Bård Espelid (AL).

– Det vert feil å tilføra dette selskapet meir kapital dersom det dei fokuserer på ikkje er i vår interesse, legg varaordføraren til.

Største aksjonær
Askøy kommune er største aksjonær i Sambandet Vest AS, med 18,75 prosent av aksjane. Samla aksjekapital er 3,1 millionar. Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og BKK eig dei øvrige aksjane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s