Færre nye verksemder i Fjell

Asiatisk mat, filmproduksjon, flytebryggjer og transport. Eit utval av forretningsidéane bak dei 35 nyregistrerte verksemdene i Fjell i tredje kvartal, ifølgje Føretaksregisteret i Brønnøysund.

Det vart etablert færre nye verksemder i Fjell i månadane juli – september. Til gjengjeld var det fleire som satsar utover lova sitt minimumskrav til eigenkapital.

Til no i år har fjellsokningane registrert 128 nye verksemder i Føretaksregisteret i Brønnøysund.

35 nye verksemder er ni færre enn i dei same månadane i fjor.

Konkurransefortrinn
Kapital kan vera eit konkurransefortrinn, har stadig fleire gründarar oppdaga. Fem av dei 27 nye aksjeselskapa hadde ein eigenkapital på 100.000 kroner eller meir.

Konkursar
Medan nokre brettar opp ermane og satsar med stor entusiasme på å verkeleggjera forretningsidén, må andre innsjå at det ikkje nyttar.

I same perioden var det elleve gründarar som måtte gå den tunge vegen til skifteretten.

Dei nye føretaka
Nedanfor finn du ein oversikt over dei nyregistrerte verksemdene i Fjell i månadane juli – september, med forretningsidé, namn på gründar, dagleg leiar eller styreleiar, og startkapital.

Angeltveit AS, kjøp, sal og leige av transportmidler, 1.000.000,-, Åge Angeltveit

Asiaten Mat og Take Away AS, sal av asiatiske daglegvarer kombinert med take away, 30.000,- Vareeporn Johansen

Azzlack AS, investeringsverksemd, 30.000,-, Ove Andersen

Baby Group AS, investeringsverksemd, 30.000,- Gunnar Johan Onarheim Sulen

Bleivassvegen 4 AS, investeringsverksemd, 500.000,- Tor Gudbrand Støen

Peder O. Lie
Blåen AS er namnet på siste tilskotet til Peder Lie sine mangeslungne fiskeriaktivitetar.

Blåen AS, fiske og fangst, inkludert eige og drift av fiskefartøy, 30.000,- Peder Lie

Enkelt og Greit Catering DA, sal og levering av ferdigmat og catering, delt ansvar, Anette Hansen, Kristine Lorenze Pedersen og Christian Kalvenes Ellingsen

Fagnafolk AS, rettleiing, rådgjeving og undervisning, mellom anna innan birøkt, mattradisjon og rekneskap. Sjølvstendig kunstnarleg verksemd innan song og musikk, undervisning og kulturkoordinering, 30.000,- Tone Kolsrud Schulstock

Fjellavegen 235 AS, utleige av eigen eller leigd fast eigedom, 250.000,- John Michael Gillon

Italienske fliser i nøytrale fargar er bestseljar hos nyetablerte Flis for Folk AS i Helsehuset på Straume, fortel Nils-Olav Nesse.

Flis for Folk Straume AS, sal av fliser og andre byggevarer, 30.000,- Villy Viksøy

Group Movement AS, sal av fritidsartiklar, app-utvikling, 30.000,- Jan Otto Halseth

H-R Eiendom AS, eigedomsutvikling og drift, 30.000,- Øyvind Kåre Rong

Hydraulicsolutions AS, utvikling, handel og leveranse av hydrauliske produkt for industrien, 30.000,- Raymond Myre

Interiørcoachen Anne Marit Hjelme, konsultenttenester innan interiør og coaching, einkeltpersonføretak, Anne Marit Hjelme

KML Consult AS, investeringsverksemd, 30.000,- Knut Mikal Landro

Lieholmen AS, fiske og fangst, eige og driva fiskefartøy, 30.000,- Anders Lie Skålvik

LMF Eiendom AS, eigedomsinvestering og utleige, 30.000,- Einar Stien

Loss Kapital AS, investeringsverksemd, 30.000,-, Runar Fridtjof Sæle

Lowpass Audio Kim Amland, nettsal av digitale syntesizer presets og opptak av digitale instrument, einkeltpersonføretak, Kim-Henning Ekren Amland

Mega Solutions AS, investeringsverksemd, 100.000,- Raymond Myre

Meny System v/ Asle Havre, import av elektroniske, skinninnbundne menyomslag frå Kina, sal til hotellrestaurantar, barar, nattklubbar, einkeltpersonføretak, Asle Havre

Novumare AS, uavhengig leverandør av kurs, trening, øvingar, rådgjeving, drift av depot og teknisk vedlikehald bruk og operasjon av oljevernmateriell, 150.000,- Odd Gunnar Jørgensen

Overflateportalen AS, drift av webportalar og bloggverksemd, kurs, føredrag, marknadsføring, 36.000,- Richard Arne Aase

Pesca Consulting Group AS, hovudkontortenester, investeringsverksemd, 30.000,-, Arne Aarhus

Salgsingeniør Nordvik, netthandel med klær, sko, dyreatiklar, småelektronikk og mote, konsulenttenester, einkeltpersonføretak, Alexander Bjørn Nordvik

Sjø og Land Hans Petter Holgersen, produsere flytebryggjer til båtbruk, einkeltpersonføretak,. Hans Petter Holgersen

Skinn Vekt Giedre Vilkyte, reingjering for private og føretak, einkeltpersonføretak, Giedre Vilkyte

Sotra Bilutleie AS, utleige av bilar, 30.000, Kristin Knappskog

Tale By Eyes, Jansen Hus, film, produksjon og foto, einkeltpersonføretak, Karl-Kristian Jahnsen Hus

Tannpleier Opitz AS, sal av produkt og tenester innan tannpleie, 30.000,- Kristiane Opitz Andersen

Tigerpus AS, internetthandel med innredningsartikar og elektronikk, 60.000,- Stein Erik Neset Vindenes

Trollhaugmyra Eiendom AS, eigedomsverksemd, 30.420,- Einar Stien

Vidar Midtvedt Transport AS, transport og sjåførtenester, distribusjon og flytting, 30.000,- Vidar Midtvedt

X Negelstudio AS, skjønnhetspleie, 30.000,- Cecilie Smit Larsson

Ågotnes Internasjonale Matbutikk AS, sal og kjøp av matvarer og små gåver, 30.000,- Itimad Rabah Ahmed

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s