8. størst i Norge

Sartor Storsenter veks raskare enn dei fleste andre norske handlesenter.

Med ein samla omsetnad på knappe 1,5 milliardar kvalifiserer Sartor Storsenter til ein 8. plass på rangeringa av norske handlesentre.

Det framkjem av den kvartalsvise undersøkinga til Kvarud Analyse som Finansavisa gjengjev i dag.

Medan omsetnaden i dei 60 største norske handlesentrene auka med beskjedne 1,8 prosent dei ni første månadane i år, auka butikkane i Sartor Storsenter salet med heile 10,5 prosent.

Sidan første kvartal har senteret avansert ein posisjon. Med ein samla omsetnad på 1,497 milliardar kroner, ligg handlesenterert på Straume no på ein 8. plass i landet, ifølgje Kvarud Analyse.

Den sterkaste veksten skjer no innan hus og heim, som elektro, møblar og lavpris-butikkar.

Lagunen er framleis størst i Bergensområdet, på ein 3.plass i landssamanhang. Etter ein svikt i salet på heile 8,7 prosent, enda omsetnaden i dei ni første månadane i år på 1,964 milliardar kroner.

Dei øvrige sentrene i Bergesområdet held stillingen. Vi må likevel heilt ned på 18. plass for å finna Åsane Storsenter, som omsette for 1,146 milliardar. Vestkanten følgjer på 19. plass, med ein omsetnad på 1,1 milliardar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s