Planlegg sjølvgåande skip

Vidareutvikling av dagens intelligente beredskapssystem er naudsynt for å kunna laga sjølvgåande skip.

Menneskjer på brua er framleis naudsynt for å kunna oppdaga, identifisera og spora potensielle farar i farleia. (Foto: Rolls-Royce.)

Rolls-Royce har inngått avtale med Google om vidareutvikling av dagens intelligente beredsskapsløysingar for å auka tryggleiken ombord på skip, skriv Rolls-Royce i ei pressemelding.

Global aktør
Det globale konsernet Rolls Royce er store ikkje berre på bilar og fly, men og på skipsteknologi og –motorar. Rolls-Royce Marine sysselset 1.600 personar i Norge og har meir enn 4.000 kundar globalt.

Det dei utviklar vil få stor innverknad for norsk shipping og på maritim verksemd, også langs Vestlandskysten.

Avhengig av menneskjer
For å oppdaga mogelege farer i farleia, er eit fartøy i dag nøydd til å ha menneskjer om bord til å halda utkikk.

Radar og AIS (Automatic Identification System) kan ikkje oppdaga alle gjenstandar i sjøen. Det er materiale og påmonterte signalsendarar som avgjer korvidt ein gjenstand i sjøen skal kunna oppdagast ved hjelp av dagens teknologi.

Kunstig intelligens
Som truleg den først verdsomspennande leverandøren av skipsteknologi har Rolls-Royce inngått avtale med Google om bruk av maskinlæringssystemet Google Cloud.

Google Cloud gjer det mogeleg å bruka lokal kunnskap til å utvikla globle modellar i ei felles sky-løysing.

Maskinlæringssystemet skal trena Rolls-Royce sitt objektorienterte klassifiseringssystem til å verta enno betre på å oppdaga, identifisera og spora objekt eit skip risikerer å møta til sjøs.

Tryggleik
Kunstig intelligens vil kunna bidra til auka tryggleik om bord på dagens skip, understrekar Rolls-Royce i pressemeldinga.

Bruk av kunstig intelligens er naudsynte for å kunna laga sjølvgåande skip med tilfredstillande tryggleik.

Norske sjøfolk
Norske sjøfolk har lenge kjempa på vikande front mot rimeleg arbeidskraft frå lavkostland. Auka bruk av kunstig intelligens og sjølvgåande skip vil kunna få store konsekvensar også for norske skipsoffiserar.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s