Mens vi ventar på fjernsynsserien

Ein mørkhuda viking med mongolske trekk er hovudpersonen i boka ”Den svarte vikingen”. No skal Foldnes-regissøren Morten Tyldum laga fjernsynsserie av den rekonstruerte historia.

Dei som er utomodige etter ein dramatisk fjernsynsserie frå vikingtida, kan med fordel lesa boka om den svarte vikingen alt no.

Det er ei spanande viking-soge med mange uventa vriar som filmregissøren Morten Tyldum frå Foldnes har valt som utgangspunkt for fjernsynsserien som skal produserast av Paramouth Pictures og Anonymous Content, ifølgje NRK.

Vogge til grav
Fjernsynsserien skal føljga den ”svarte” vikingen Geirmund Heljarskinn frå vogge til grav.

Islendingen Bergsveinn Birgisson har lagt ned ein stor innsats i å spora historien til ein av sine fjerne forfedre. Gamle skrifter frå fleire land, arkeologiske undersøkingar og moderne DNA-analyser inngår i kjeldematerialet. Eit arbeid som vert dokumentert i boka ”Den svarte vikingen”, og som vart nominert til Brage-prisen for beste sakprosa.

Kongsson
Geirmund var tvilling og vart fødd på kongsgarden på Avaldsnes i Rogaland kring 846. Mora Ljufina, var truleg mongolsk, og gifta vekk til faren Hjør som del av ein strategisk allianse med kongen av Bjarmeland (Kvitsjøen/Karelen). Kanhende vart ho røva? spekulerer Birgisson.

Mange av problemstillingane han stod ovanfor er aktuelle framleis. Dei framandarta ansiktstrekka førte til at kongesonen fekk ein vanskeleg oppvekst. Han fekk likevel læra seg alle dei ferdigheitane det vart forventa at ein kongeson på den tida skulle beherska.

Internasjonal
Boka fortel om ein internasjonal handelsmann som reiste vidt og som tente store pengar mellom anna på selskinn og slavar.

At Geirmund Hejlarskinn vart sentral i landnåmet på Island, var delvis ein konsekvens av Harald Hårfagre si hardhendte behandling av norske småkongar etter at Norge vart samla til eitt rike.

Han og broren Håmund delte områda kring Nordsjøen mellom seg. Irland var Håmund sitt område.

Innspeling i Norge?
Kvar sesong av serien vert kostnadsrekna til 600 – 800 millionar kroner.

Tyldum ser gjerne at serien kan verta spelt inn i Norge. I så fall må det verta lagt til rette for det, seier han til NRK.

Dei som er utomodige etter å setja seg inn i den lesverdige historien, kan med fordel lesa boka alt no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s