Gjestekommentar: – Vi treng ny diskusjon om Sotrasambandet

Trafikkaoset dei siste dagane bør føra til at diskusjonen om Sotrasambandet blir teken opp att.

Sotrastrilen Ole Asbjørn Fauske er leiar for Forsvaret sine fellestenester. Han har tidlegare mellom anna vore nestleiar for NATO sitt hovudkvarter i Sarajevo.

Av Ole Asbjørn Fauske

(Sotrastril busett på Ulveseth, og har lenge vore oppteken av trasevalet for nytt Sotrasamband.

Fauske er brigadier og ein av Forsvaret sine leiande strategar. I denne gjestekommentaren utdjupar han uttalen han la ut på Linkedin-profilen sin etter gårsdagens trafikkaos. Her uttalar han seg som privatperson.)

Les: Kommentar: Eit sjølvbedrag

Ei ny bru ved sidan av den gamle ville ikkje ha gjort kaoset mindre når Lyderhorntunnelen vert stengd.

Folketal og verksemd – og dermed trafikken – aukar på Sotra og i Øygarden. Etter mi meining kjem auken til å fortsetja i mange år enno. Derfor vil ei eventuell ny stenging i framtida gjera problemet enno større.

Det kan ikkje vera akseptabelt at ein så stor region som Sotra og Øygarden berre har ein fastlandsforbindelse. I staden for å byggja ei ny bru der det er bru frå før, bør ein finna andre alternativ lengre sør. Då vil ein alltid i det minste ha to alternativ.

Les: Sommarparten: Ein priviligert veteran

Ein fastlandsforbindelse lengre sør vil også letta kraftig på trafikktrykket over Straume. All trafikk til/frå Flesland/Kokstad vil då gå der – også frå Ågotnes og Øygarden.

Ein ny trasé lenger sør vil også leggja til rette for bustad- og verksemdutvikling andre stader enn på Straume.

Kanskje det er akkurat dette som er problemet?

Advertisements

2 Comments

  1. Tanken er god,men det spørs om det finnes noen politikere som tørr å sette det på dagsorden. Dengang Sangolt var ordfører husker jeg han jobbet med tanken

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s