Kommentar: Eit sjølvbedrag

Det haldt ikkje med fredag den 13. for trafikkavviklinga til Bergen sentrum frå vest. Køane haldt fram laurdag.

Køen på R555 like før avkøyringa mot Loddefjord laurdag. Ein vanleg kvardag møtes 70.000 – 80.000 bilar frå Sotra, Askøy og Olsvik i dette krysset.

Ei vifte i Lyderhorntunnelen datt ned og knuste ein bil. Heldigvis kom ingen til skade, sjølv om det var nære på. Av omsyn til tryggleiken til trafikkantane stengde Statens vegvesen tunnelen i retning sentrum inntil alle viftene er kontrollerte.

Tre hovudvegar
Resultatet vart det totale kaos. Like før Lyderhorntunnelen møtes trafikk frå tre av dei mest trafikkerte vestlege hovudinnfartsårene til Bergen; Sotra, Askøy og Drotningsvik/Olsvik. 70.000 – 80.000 bilar måtte ta vegen om Loddefjord.

Gjennom mange år har Sotrastrilen late seg lulla inn i trua på at eit nytt Sotrasamband parallelt med det noverande ville løysa alle køproblem.

Trafikkaoset denne helga viser at det slett ikkje er tilfelle.

Etterlyser strategi
Ein av Forsvaret sine leiande strategar, brigadier Ole Asbjørn Fauske, bur på Ulveseth og kjenner dei lokale tilhøva. Han nytta høvet til å kommentera ikkje berre trafikksituasjonen, men også den manglande beredskapsplanlegginga på vårt lokale vegnett på Linkedin:

”For de som er opptatt av et strategisk blikk på samfunnsutviklingen: Skrinlegg planene om å bygge ny bro til Sotrasambandet ved siden av den gamle. Det trengs en helt ny trasé i sør for å ha muligheten til å lede trafikken på to akser. Det er ikke for sent å snu, – på tide at strategisk samfunnsutvikling går foran næringsinteressene på Straume.”
Ole Asbjørn Fauske

Ikkje uventa
Gårsdagens trafikksituasjon oppstod ikkje heilt uventa. Eindel vil hevda at dette var ein katastrofe som berre venta på å skje.

Problema to parallelle brusamband reiser, mellom anna med tanke på beredskapssituasjonen, var eitt av dei mest sentrale ankepunktene mot valet av den framtidige traséen for nytt Sotrasamband.

Mange tenkte som Fauske, at eit sørleg samband vil auka oppetida, samanlikna med eit nytt samband der meir enn 30.000 bilar vil konkurrera med trafikken frå to andre hovudinnfartsårar om plassen på det indre vegnettet inn mot Bergen sentrum.

Opphav til Tunnelsyn
Nokon av dei aller første innlegga eg skreiv, og som vart den første spiren til nettavisa Tunnelsyn, dreia seg nettopp om dei mange problema tilknytta den valde traséen over Straume.

Les: Lyste opp Sotrabrua

Les: Bergen – ein flaskehals

På Askøy har dei i det minste ein snøggbåt til å avlasta trafikken over Askøybrua. Frå Kleppestø kan asketappane ta seg fram til Bergen sentrum heilt utanom alle køar.

Beredskapsplanleggjarane på Sotra tapte diskusjonen om trasévalet. Når det kjem til beredskap, er planane om eit nytt Sotrasamband parallelt med dagens eit totalt sjølvbedrag.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s