Gamle Straumsbru: Utbetra eller stengja?

Gamle Straumsbru er i så dårleg forfatning at noko må gjerast.

Trafikkfarleg: Gamle Straumsbru er skuleveg til skulesenteret på Bilødy frå Straume. Brua har berre eitt køyrefelt og manglar fortau. (Arkivbilete).

I rådmannen sitt forslag til investeringsbudsjett for 2018 ligg det inne 27 millionar til utbetring av Gamle Straumsbru. Ei eventuell sak om utbetring vil verta fremma seinare.

Ei trafikkteljing frå 2014 viste at kring 1600 bilar passerer den gamle brua frå 1927 i døgnet. Etter at Storskaret  – Arefjord opna har brua med berre eitt køyrefelt fått ekstra mykje trafikk. Stadig fleire snikkøyrarar oppfattar Gamlevegen over Bildøy og den kommunale brua som ein mogeleg snarveg når køane står på R555.

Nødvendig
– Vi er nødt til å gjera nok. Enten må vi stengja for bilar, eller så må vi utbetra. Vi kan ikkje ha det slik som i dag, sa rådmann Steinar Nesse då han gjekk gjennom forslaget til investeringsbudsjett for 2018.

-Fjell kommune har sett på alle mulighetar. Mellom anna har vi vurdert å hekta på ein gang og sykkelveg på sida, men det held ikkje. Vegen er så smal at ikkje her må vera snakk om å utvida vegen slik at to bilar kan passera, la Nesse til.

Helena Morland Hansen (H) viste til at det i reguleringsplanen for Straume Sjøfront er teikna inn ei gang- og sykkelbru over til Branndalsåsen.

– Den er det usikkert når kjem, ifølgje Nesse.

Siglingsleia?
Mange er opptekne av å få utbetra Gamle Straumsbru.

For å bøta på den reduserte tryggleiken for småbåttrafikken i Straumsundet som følgje av fyllinga til Straume Sjøfront, foreslo Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag i eit felles framlegg at siglingsleia under brua må utvidast i samband med ei framtidig utbetring.

Omsynet til småbåttrafikken var ikkje tema for rådmannen si orientering.

Les: Vil ha Gamle Straumsundet bru utbetra

Gamle Straumsbru ligg innanfor plangrensa for Straume Sjøfront. Utbyggjar Veidekke slapp likevel unna pålegg om å utbetra brua. I staden har økonomisk kriseramma Fjell kommune vald å subsidiera den børsnoterte utbyggingsgiganten.

Les: Vil subisidera børsnotet utbyggingsgigant

 

 

 

 

 

 

Advertisements

2 Comments

  1. Hei Liv. Jeg er på vei til Kina så dette blir kort. Vi, du og jeg, la inn forslag i vårt innspill til høringen om utbyggingen av Branndalsåsen på vestsiden av sundet at man burde slå utbedringen av Gamle Straumsbru sammen med
    den gang- og sykkelbroen som utbyggeren ønsker. Dette for att begge parter kunne spare penger og for å redusere antallet bruer. Det kan du gå videre med. Vi snakkes. Cheers! Kjell

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s