– Fjellsokningane må forventa dårlegare kommunale tenester

2017 er ille for Fjell-økonomien, men 2018 vert verre.

(Saka vert oppdatert)

Svenskane reiser heim att, polakkane reiser heim att. Oljenedturen gjev mange uventa utslag i Fjell-økonomien. Reduksjonen i skatteinntektene med 40 millionar er berre ein liten del av inntektsreduksjonen i Fjell neste år, orienterte fh. rådmann Steinar Nesse og økonomisjef Fredrik Untieth.

Rådmann Steinar Nesse i Fjell hadde ingen gode nyheter til kommunestyret under dagens budsjett- og strategiseminar.

– Budsjettet for 2018 vert berre ein forsmak på det som kjem. Vi vert nøydd til å stramma kraftig inn, når vi ser korleis endringane i dei statlege overføringane slår ut. Spørmålet er om vi skal ta strukturelle grep, eller om vi skal flikka litt her og der, i påvente av kommunesamanslåinga i 2020, sa Nesse.

Budsjettet for 2018 vert på 1,8 milliardar kroner. Kommunen har krav på seg til å yta ei rekkje tenester. Samstundes forventar fylkesmannen at kommunen har eit realistisk budsjett.

Forvent dårlegare tenester
Innbyggjarane i Fjell må forventa dårlegare tenester framover.

Det vert vanskelegare å få heimehjelp. Det vert færre folk på vakt på sjukeheimen. Det vert vanskelegare å få barnehageplass,
rådmann Steinar Nesse.

– 2017 vert eit uår. Vi styrer mot ein underskot på 30 millionar eller meir, supplerte økonomisjef Fredrik Untieth.

-2017 er eit forferdelig dåleg år, for oss alle. Den svake folkeveksten i 2016, får no store økonomiske konsekvensar. Saman med høg arbeidsløyse gjev det ein netto skatteeffekt minus 40 millionar samanlikna med eit normalår, sa Nesse.

Baksida av medaljen
Skatteinntektene utgjer no berre 90 prosent av det som er det som er snittet i norske kommunar. For få år sidan var situasjonen motsett.

-Dette er baksida av medaljen ved å vera politikar. Dette treff nokon. Lovpålagte oppgåver må vi i alle fall halda oss innanfor. Her må den ansvarlige Regjeringa skjønna kva dei har stelt i stand, hevda Odd Valvatne (A).

Partifelle Atle Justad ser at vi først må leita i eigen økonomi, men vi bør også retta ein henvending til Regjeringa om å oppretthalda krisetilskott til vestlandskommunar som er ramma av oljenedturen. Det vil kunne gje 20 millionar ekstra.

– Det same bør komiteleiar Ernst Einarsen i Høgre gjera, oppfordra Justad.

Folkevekst
-Folkeveksten er nøkkelen. Den svake folkeveksten siste åra har ikkje vore normalt, hevdar Nesse.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s