Asbestbomber på skulane

Fleire av skulane i Fjell inneheld store mengder asbest i byggjematerialane.

Foldnes skule er ein versting når det gjeld bruk av asbest i veggar, tak og dører, framkom det under budsjett- og strategiseminaret i dag.

– Vi kan ikkje gå inn i framtida med skular fulle av asbest, laud rådmann Steinar Nesse sin kommentar til punkt 31 i framlegget til handlingsplan.

Her framkjem det at asbest skal fjernast frå skulane i kommunen. Politikarane har likevel ikkje sett noko tidspunkt for når skulane i Fjell skal vera fri for det helse- og miljøskadelege byggjamaterialet.

Både Skålvik og Bjorøy skular har til ein viss grad same problemet som Foldnes. Ved Skålvik jobbar ein no med å skaffa oversikt over omfanget av problemet. Dei helsefarlege byggjematerialane bør fjernast skje som del av planlagte oppgraderingar og utbyggingar, vert det føreslege.

Før asbesten kan fjernast, må Kommunestyret gjera eigne vedtak for kvar skule. Handlingsplanen set ikkje noko tidspunkt når skulane i Fjell skal vera asbestfrie.

Ved Ekerhovd skule stod det heller ikkje bra til, men den er no nedlagt, og vil venteleg verta seld.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s