Sjøfartsdirektøren varslar trongare tider for norske sjøfolk

Behovet for redningskapasitet ombord på eit skip vil vera avgjerande for i kor stor grad norske sjøfolk må vika plass for moderne teknologi.

– Norske selskap må prøva å sitja i førarsetet når ny maritim teknologi skal utviklast, hevdar sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

– Det er ein enorm driv mot ny teknologi om bord på norske skip. Skipsfarten opplever no eit skjæringspunkt mellom ny og gammal teknologi som er like dramatisk som på 1890-talet, då seglskutene måtte vika for dampskip og treskutene vart erstatta av stål, hevdar sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

– Norske verksemder er verdsleiande på innovasjon til sjøs. Det vera seg design, teknologi eller drivstoff, rosar Akselsen.

Sjølvgåande skip
Sjøfartsdirektoratet har ansvar for å trygga liv og helse, miljø og materielle verdiar til sjøs. Direktoratet skal også godkjenna ny teknologi om bord på skip.

Sjøfartsdirektøren opplever stadig å verta utfordra når det gjeld ny teknologi:
– Teknisk sett er det mogeleg å produsera sjølvgåande skip. Mykje av teknologien, som autopilot, anti-kollisjonsutstyr og dynamisk posisjonering, er alt i bruk. Det er også fullt mogeleg å fjernstyra eit skip frå land, hevdar sjøfartsdirektøren.

Les: Planlegg sjølvgåande skip

Fjernstyringsteknologi er velkjent mellom anna i subseamiljøet, i form av ROV-ar og AUV-ar.

Les: Klare til å erobra havrommet

Neste steg
Neste steg, slik Sjøfartsdirektøren ser det, vert å få eit skip til å gå til fastlagt posisjon av seg sjølv.
Kva då med krava til utkikk om bord? Kan kamera og sensorar erstatta mannskapet?

Auto-docking er ein annan teknologi som er på trappene.

– Dette er ei utvikling som kjem, enten vi likar det eller ikkje. Norge må prøva å sitja i førarsetet, slik at norsk næringsliv får noko å selja internasjonalt, seier Akselsen.

Ikkje heilt der
Krava til bemanning om bord vert stadig redusert. Men enno er det ei stund til autonome skip vert vanleg, ifølgje Akselsen.

Kva med redning i tilfelle ulukker? Reparasjonar og brannslokking? Her er teknologien ikkje på høgde med eit kompetent mannskap. Krava til tryggleik vil variera, avhengig av om skipet fraktar passasjerar eller last. Om det er ei ferje som berre går tvers over fjorden, eller eit fartøy som kryssar verdshava.

– Redningskapasiteten vil vera avgjerande. Mannskapet må vera stort nok til å hjelpa passasjerane i eventuelle krisesituasjonar, seier sjøfartsdirektøren.

Les: Gründerselskap søkjer to millionar

Overvaka
Kamera og sensorar ombord gjer det mogeleg å overvaka miljøet på heilt nye måtar. Det er enorme datamengder som må overførast, skal eit skip kunna fjernstyrast med naudsynt tryggleik og presisjon. Oljebransjen har løyst utfordringa ved hjelp av fiberkabel. På verdshava er det berre satellittkommunikasjon som duger – og det er dyrt.

Truleg vil kommunikasjonskostnadane vera høgare enn løna til mannskapet i lang tid framover, spekulerer Akselsen.

Færre ulukker
For å koma eventuelle ulukker i forkjøpet satsar Sjøfartsdirektoratet i stadig sterkare grad på risikoanalyser og risikostyring.

Bruttotonnasjen under norsk flagg aukar. Talet på ulukker om bord på norske skip har derimot blitt redusert med 30 prosent sidan 1990, hevdar Akselsen.

Då teknologiutviklinga oftast går fortare enn utviklinga av det internasjonale regelverket, skjer mange av sertifiseringane av ny teknologi i form av dispensasjonar, ifølgje Akselsen.

– Det er ille at det må skje ulukker før dei internasjonale reglane kjem på plass, seier sjøfartsdirektøren.

På den andre sida – 80 prosent av ulukkene vert hevda å skuldast menneskeleg svikt.

– Den største feilen ein gjorde med Titanic, var å tru at skipet ikkje kunne synka. Difor hadde skipet berre redningsutstyr til 20 prosent av passasjerane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s