Fortetting, fortetting, fortetting…

Ei fortetting i sentrale delar i Bergensområdet vil kunna gje plass til ein kvart million nye innbyggjarar – storparten av den forventa folkeveksten fram mot 2030.

Rekordoppslutnad. Det er fylkesmannen i Hordaland, saman med Hordaland fylkeskommune som står bak den årlege Plankonferansen som i år samla 270 deltakarar. Her assisterande fylkesmann Rund Fjeld og fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF). (Foto: Hordaland fylkeskommune)

Det var assisterande fylkesmann Rune Fjeld som hevda dette under opningsinnlegget sitt på Plankonferansen tirsdag denne veka.

Rett bustad på rett stad, var tema for konferansen der samordna areal- og transportplanlegging i Bergensområdet var ein raud tråd.

Potensiale for fortetting
Den statlege bustad- og arealpolitikken har mange mål. Siste åra har redusert klimaavtrykk, naturvern og arealøkonomisering blitt vektlagt stadig sterkare. Fortetting innan fem minutts avstand, og i regionsentra, får auka prioritet.

Kommunane må ta sterkare grep om planarbeidet. Fylkesmannen vil ha slutt på at det er utbyggjarane som bestemmer bustadpoltikken.

Potensialet for å busetja fleire personar i sentrale delar av Bergensområdet er stort nok til å dekka storparten av den forventa veksten fram mot 2030, siterte Fjeld den nyleg vedtekne areal- og transportplanen for Hordaland.

Ein plan som vekte ikkje så reint lite motstand i kommunane vest for Bergen, mellom anna fordi han legg sterke føringar for å begrensa utbygging utanfor dei definerte regionsentra.

Les: Ordføraropprør mot sentraliseringa

Nordre Bildøy
Hos fylkesmannen er dei tydeleg på dei statlege prioriteringane:
– Uansett veksttakt i åra framover, vil det ikkje vera naudsynt å setja av nye bustadområde i kommuneplanane. Det vil heller ikkje vera behov for å behalda eksisterande ikkje-utbygde bustadområde utanfor senterområda, hevdar Fjeld.

Sett i dette perspektivet finn Fjeld det tenkevekkjande at det vert planlagt nye strilebyar i fleire av nabokommunane til Bergen, mellom anna på Nordre Bildøy.

– Nei, fylkesmannen er ikkje ute etter omkamp med Fjell kommune når det gjeld Nordre Bildøy, seier assisterande fylkesmann Rune Fjeld på spørsmål frå nettavisa Tunnelsyn.

Ikkje enten eller
Også det nett oppstarta planarbeidet på Nordre Litle Sotra vil fylkesmannen la gå sin gang, i det minste inntil vidare:

– Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland har påvist fortettingsmulighetar. Når kommunen kjem opp med konkrete planar for desse områda, vil fylkesmannen ta stilling til dei, seier Fjeld.

Men alt håp er ikkje ute for dei som håpar å la ungane få byggja einebustad i hagen:

– Vi må opna for ei viss utvikling andre stadar også, sjølv om største veksten vil skje i fortettingsområda. Det er ikkje snakk om noko enten eller, seier Fjeld.

Les: Varslar opprør mot fylkeskommunen

Byvekstavtalar
Byvekstavtalen er ei gulrot fylkesmannen håpar skal få kommunane til å innsjå fornuft.

Her lovar Staten å finansiera inntil halvparten av ny infrastruktur, føresett at Bergen strammar inn arealpolitikken. Bybane til Fyllingsdalen og Åsane, og Ringveg Aust er dei prosjekta som Bergen ønskjer å få inn i avtalen.

– Problemet er at denne første avtalen er avgrensa til Bergen. For Fjell å koma inn i ein slik avtale i andre runde vert vanskeleg. Då har Bergen lagt løpet. Nabokommunane skal berre vera med å finansiera prosjekt i Bergen, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Advertisements

2 Comments

  1. Fortetting er jo prøvd i Oslo med blandet hell. Det er en oppskrift på kø og kaos. Bygg heller bærekraftige steder utenfor sentrum hvor det er varierte tilbud til bolig, skole, fritid og arbeid. Oslo er nå i ferd med å strupe sentrum, men fortsetter fortetting i stor stil. Senest med et regjeringskvartal under planlegging som vil lage store deler av sentrum som et inngjerdet og øde område. Håper ikke Bergen gjør samme feil.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s