Kjempar for røntgen og høyresentral

Den endelege lista over helsetilbod i det nye lokalmedisinske senteret på Straume er enno ikkje spikra.

Rådmann Steinar Nesse og helsesjef Terje Handal er på leit etter samarbeidspartnarar som kan tilby sotrastrilane røntgen og høyresentral. Her saman med omsorgssjef Line Barmen.

Sjølv om bygget no er under tak, og innreidningsarbeidet så smått har teke til, er den endelege lista over framtidige helsetilbod til innbyggjarane i nye Øygarden enno ikkje heilt på plass, seier rådmann Steinar Nesse i Fjell til nettavisa Tunnelsyn.

Les: Lokalmedisinsk senter tek form

To helsetilbod som har vore sentrale på ønskjelista står det enno att å få til avtale med nokon leverandør av.

– Røntgen og høyresentral er tilbod som vil vera viktig for oss å få på plass, seier Nesse.

Armar og bein
Sotrastrilar som bryt armar eller bein må i dag til Bergen legevakt for å få teke røntgen. Fjell kommune er no i dialog med den private aktøren Aleris om at dei skal tilby denne tenesta i samband med legevakta på Straume, fortel Nesse.

– Eit slik grunnleggjande røntgentilbod er viktig for folk flest. Det må vi i det minste klara å få til, seier Nesse.

Røntgen er eit tilbod der Helse Vest sjølv har begrensa kapasitet. Kvart tredje år søkjer dei etter private aktørar som kan supplera det offentlege tilbodet. Nesse håpar Fjell kan koma på banen innan neste utlysing.

100.000 innbyggjarar
Korvidt det vil vera mogeleg å tilby også CT og MR på Straume, er Nesse mindre optimistisk til.

Helse Bergen føretrekkjer sentrale løysingar, slik han oppfattar det. På den andre sida vil vi på Straume kunna tilby lågare husleige enn i Bergen sentrum. Vi dekkjer dessutan eit område med 100.000 innbyggjarar, argumenterer rådmannen.

Høyresentral
Høyresentralen på Haukeland, der innbyggjarar som høyrer dårleg kan få sjekka hørselen og tilpassa hjelpemiddel, har i dag lange ventelister i Bergensområdet.

– Dette tilbodet vil vera minst like viktig for born og unge som for eldre, understrekar helsesjef Terje Handal ovanfor nettavisa Tunnelsyn.

Her er det Stortinget som seinkar prosessen. Signala tyder på at tenesta kan verta utsett for privatisering, på same måte som røntgen, men avgjerda heng førebels i det blå. Inntil vidare held Helse Bergen fast på dagens praksis.

Helsesjefen tek ikkje uvissa som eit ”nei”. Han jobbar for å få på plass enten eit kommunalt eller eit privat tilbod.

Spesialrom
Både røntgen og høyresentral er tenester som krev spesialtilpassa rom. Dette er arbeid som må gjerast i byggjefasen. Veggar som er isolerte mot røntgenstråler og lyd ligg difor inne i totalentreprisen.

– Spesialromma vil stå klare til å ta mot dert kostbare medisinske spesialutstyret samstundes som bygget vert teke i bruk, lovar Handal.

Økonomiske vanskar
Det lokalmedisinske senteret har støtt på uventa utfordringar på fleire punkt. Den stramme kommuneøkonomien inneber at Fjell har problem med å setja av dei midlane som trengst for å oppbemanna senteret i takt med ferdigstillinga, kunne Nesse fortelja kommunepolitikarane under budsjett- og strategiseminaret tidlegare denne veka.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s