Lokalmedisinsk senter tek form

Åtte år tok det frå tanken på eit lokalmedisinsk senter på Sotra melde seg, og til ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden i fellesskap kunne leggja ned grunnsteinen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy får overrakt grunnsteinen av prosjektleiar Eirik Milde. Ordførar Børge Haugetun i Øygarden og ordførar Kari Anne Landro i Sund føl spent med.

Nedlegginga av grunnsteinen vart markert samstundes med kranselaget i dag.

Førebu for ein aldrande befolkning
Sjølv om kommunane vest for Bergen er ”unge” kommunar, er det nødvendig å byrja leggja til rette for ein aldrande befolkning. Lokalmedisinsk senter på Straume skal tilby tenester som skal gjera det mogeleg for innbyggjarane i nye Øygarden å bu heime så lenge som råd er.

Innan opninga kring neste årsskifte, skal det vera på plass legevakt, seks fastlegar, intermediær avdeling og tilbod om øyeblikkelig hjelp og dialyse av nyresjuke. Totalt vil det verta 39 sengeplassar i senteret. Det skal og etablerast ei storsatsing på førebygging og rehabilitering.

Samarbeid

Kvit dame med bilete av bygget høyrer med når ein feirar både grunnsteinnedlegging og kranselag. Marianne Sandahl Bjorøy sprettar kaka, medan prosjektleiar Eirik Milde føl med. Eit 60-tals tilsette i entrepenørverksemda var også invitert.

Senteret er eit resultat av samhandlingsreforma og eit samarbeid mellom Fjell, Sund og Øygarden kommunar og Helse Bergen.

Det 9.200 kvadratmeter store bygget fordelt på tre etasjar, er det største og mest komplekse bygget Fjell kommune nokon gong har teke på seg, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i vertskommunen Fjell i samband med nedlegginga av grunnsteinen.

– Eit døme på godt samarbeid kommunane i mellom på helsesida. Det er berre å ta hatten av for at vi har fått til dette, i ei tid der andre lokalsamfunn opplever at lokalsjukehusa vert lagt ned, seier ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

Kari Anne Landro, ordførar i Sund, var mest oppteken av at sotrastrilane gjennom samarbeidet med Helse Bergen snart vil få tilgang til ei rekkje helsetenester i lokalmiljøet. Helsetenester som vi i dag må til byd’n for å få.

Teknologi
Det lokalmedisinske senteret vil få ei rekkje moderne teknologiske løysingar, og vil vera eit testanlegg for ny velferdsteknologi.

Med så mykje kritisk digital teknologi, er det sjølvsagt at senteret vil verta utstyrt med diesel-aggregat i tilfelle straumbrot.

Dei store vindusflatene til trass, bygget vil halda lavenergistandard, og verta oppvarma med varmepumpe og jordvarme, fortel prosjektleiar Eirik Brekke i Fjell kommune.

300 millionar

Om eit år skal fasaden vera kledd med fliser, fortel styreleiar Atle Ulveseth i Brødrene Ulveseth AS som er stolt representant for entrepenørverksemda. Så sant ikkje byggherren kjem opp med store endringar, reknar han med å halda budsjettet.

Det er arkitekt Kristian Beck i Link Arkitektur AS som har teikna bygget. Etter anbodskonkurranse fekk Brødrene Ulveseth AS totalentreprisen med ei kostnadsramme på 300 millionar kroner.

– Både framdriftsplanen og budsjettet er i rute, forsikrar prosjektleiar Eirik Milde i Fjell kommune.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s