Går du med byggjeplanar? Det kan vera mykje å spara på å be fleire lokale leverandørar om pris.
(Saka er oppdatert).

Konkurransen mellom leverandørane av byggjevarer i Fjell, Sund og Øygarden hardnar til. Det kan kjøparane tena stort på, viser den store byggevareundersøkinga nettavisa Tunnelsyn har utført.
Spesifisert liste
Nettavisa Tunnelsyn bad sju lokale leverandørar på Sotra og i Øygarden om tilbod på ei liste med spesifiserte materialar til eit tilbygg på 49 kvadratmeter. Vi fekk tilbod frå seks av dei før publisering. Samtlege har, etter litt justering, levert tilbod på dei mengdene og dimensjonane vi bad om, men frå ulike produsentar.
Byggtorget på Straume leverte tilbodet etter at saka vart publisert. Dei har difor hatt anledning til å justera tilbodet samanlikna med dei øvrige. Det viktigaste er likevel at kundane no veit kva prisar dei kan forventa å få hos denne leverandøren.
Mykje å spara
Dei innkomne tilboda viser at det kan vera mykja å spara på å orientera seg i marknaden og be fleire leverandørar om pris. Rimelegaste tilbodet var på 110.756 kroner medrekna meirverdiavgift. Forskjellen mellom rimelegaste og dyraste tilbodet var på heile 31.459 kroner, eller 28 prosent.
Sotra Trelast på Ågotnes skil seg markant ut med eit tilbod som totalt sett var vesentleg rimelegare enn dei øvrige. Mellom dei fem andre tilbydarane var forskjellen mellom rimelegaste og dyraste berre på 4.134 kroner, eller 3 prosent.
– Vi kjører for tida tilbod mellom anna på vindauge og isolasjon, forklarar dagleg leiar Kjell Rune Garlid det store prisgapet opp til neste leverandør.
På andre varer, andre dimensjonar eller til andre tider, kan trelasthandlaren på Ågotnes koma mindre fordelaktig ut.
Det at Sotra Trelast er ein uavhengig aktør, utanfor dei store kjedane, trur Garlid også kjem kundane til gode.
– Vi slepp betala kjedetillegg, forklarar han.
Splitta leveransen?
Det er verd å merka seg at ingen av byggjevare-leverandørane var konsekvent rimelegast eller konsekvent dyrast.
Sjølv om forskjellen mellom rimelegaste og dyraste leverandør kan verka stor, kan det vera enno eitpar tusenlappar å spara for dei som vurderer å splitta leveransen. Ver merksam på at ikkje alle leverandørane aksepterer det. Nokre har gjeve pris, føresett at du kjøper alt hos dei.
MVA
Alle tilbod til private skal vera inkludert meirverdiavgift. Seks av leverandørane har sett opp prisar utan mva, og så lagt avgifta til på sluttsummen. Det gjer det vanskeleg å samanlikna tilbodet frå COOP Obs vare for vare.
|
Montér Rong | Sotra Trelast | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygger`n Straume har fått bekreftet at det er tilbudt forskjellige merker/kvalitet på tak produkter og x finer, slik at da er ikke det prismessige sammenligningsgrunnlaget helt reelt å bruke. Det er betydelige kvalitetsforskjeller på denne type produkter og vi har nok her tilbudt et kvalitetsprodukt/merke med svært god garanti. Vi har også rimeligere alternativ som det nødvendigvis ikke blir lønnsomt for våre kunder å bruke på lang sikt. Dette hadde vi fått avdekket i samtale med kunden ved et reelt kjøp.
Videre så er det ikke spesielt overaskende at prisene ellers er svært like, det er sterk konkurranse i dette markedet og marginene er generelt lave.
Eddie Bøe
Bygger`n Straume
LikarLikar
Redaksjonen bekreftar at deltakarane i undersøkinga har tilbode takprodukt og x-finer frå ulike produsentar/merkje. Vi har ikkje grunnlag for å uttala oss om kvalitet, levetid eller garanti.
LikarLikar