Ekstramillionar frå fylkesmannen

Stryka barnevern, og tiltak mot barnefattigdom og høg arbeidsløyse. Fjell, Askøy og Sund får til saman 5,25 millionar i skjønsmidlar frå fylkesmannen på tampen av året.

Askøy og Fjell får kvar 1,250 millionar kroner i tilskot til tiltak for ungar som veks opp i familiar med ei inntekt under fattigdomsgrensa.

Etter eit år med svikt i dei kommunale skatteinntektene, fordeler fylkesmannen i Hordaland no siste delen av skjønsmidlane gode føremål i kommunane.

Fjell, Askøy og Sund stikk av med til saman 5,25 millionar kroner i ekstra midlar, av ein samla utbetaling i Hordaland på 13,9 millionar kroner i denne runden.

Høg arbeidsløyse
For å setja i verk avbøtande tiltak mot den høge arbeidsløysa får Fjell og Sund kvar ein million ekstra. Arbeidsløysa er enno høgre i Øygarden, men den ekstraordinære eigedomsskatten frå petroleumsinstallasjonane gjer at kommunen likevel ikkje får ekstramidlar.

Barnefattigdom
Største summane går til tiltak mot barnefattigdom. Både Askøy og Fjell deltek i fylkesmannen sitt prosjekt for å sikra at ungar som veks opp i heimar der inntekta er under fattigdomsgrensa får dekka sine grunnleggjande behov.

Les: Barnefattigdom eit ikkje-tema i Askøy

Akuttberedskap
Kommunane er pålagt å ha ein akuttberedskap innan barnevern. Askøy kommune skal stå for koordineringa av organiseringa av eit slikt tilbod i Hordaland. Til det får dei 400.000 kroner i skjønsmidlar.

ROS-analyse
Forprosjektet til ein ROS-analyse for industriområdet i Knarrevik får 140.000 kroner i støtte.

Korvidt fylkesmannen skal gje tilskot også til gjennomføringa av sjølve analysen, vert å koma tilbake til på neste års budsjett.

Både Fjell og Askøy får i tillegg 80.000 kroner kvar i tilskot til tiltak av meir generell karakter.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s