Rausast i Øygarden

Øygardsstrilane var dei som gav mest til Unicef og TV-aksjonen.
Av dei fire kommunane vest for Bergen, var det Øygarden som gav mest til Unicef og TV-aksjonen denne hausten.

Den siste oversikten frå arrangørane viser at kvar av øygardsstrilane i snitt gav 44 kroner og åtte øre for å sikra vanskelegstilte barn i tredje verda ein betre oppvekst.

Til saman 216.578 kroner vart samla inn i kommunen. Kvar fjerde krone, 55.000 kom frå kommune-administrasjonen.

Mest frå Askøy
Største summen kom frå Askøy, heile 982.875 kroner. Berre vel 11.000 kroner manglar altså på at kommunen kan rosa seg av å ha bidrege med ein million kroner.

Kvar asketapp gav i snitt 34,10 kroner. Kommuneadministrasjonen bidrog med 29.048 kroner.

Fjell på botn
Sundsokningane bidrog med totalt 239.145 kroner, eller 34,10 kroner per innbyggjar. Gåva frå kommunen utgjorde her 7.075 kroner.

Med eit bidrag på berre 30,99 per innbyggjar, havna Fjell  på 416. plass av samtlege 427 norske kommunar.

Det var kommuneadministrasjonen som «berga» gjevargleda på vegne av fjellsokningane. Gåva frå Fjell kommune utgjorde 25.000 kroner av dei totalt 781,118 kronene som vart samla inn i kommunen.

Her kan du samanlikna resultatet av årets TV-aksjon med det som kom inn i 2016.

Frå Hordaland
Av dei totalt 223 millionane som er komne inn denne hausten, kom frå 21 millionar frå Hordaland.

Askøy, Sund og Fjell havna på 30. 31. og 32. plass i fylket, målt etter bidrag per innbyggjar. Berre i Lindås var dei enno meir knipne.

Rausast var dei i Modalen, der kvar innbyggjar gav 163,36 kroner

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s