Stålkontroll på økonomien – føreslår å investera for 150 millionar

Ny skule i Spildepollen og omsorgsbustadar for eldre vert største postane på investerings-budsjettet i Sund i åra framover.

Rådmann Rune Lid i Sund meinar han har full kontroll på økonomien, sjølv om skatteinntektene sviktar.

Inntektsnivået i Sund har sunke siste åra som følgje av offshorekrisa. No utgjer dei kommunale skatteinntektene berre 81 prosent av snittet på landsbasis, fortalde rådmann Rune Lid i Sund under dagens presentasjon av budsjettet for 2018 for Formannskapet.

-Vi har full kontroll på økonomien, freista ein optimistisk rådmann å roa dei folkevalde i Formannskapet.

Det spanande punktet framover mot den endelege budsjettbehandlinga i desember vert i kor stor grad dei folkevalde støttar opp under rådmannen sine vurderingar.

0-budsjett
Rådmannen har gått gjennom budsjett og rekneskap for samtlege einingar for 2017, for å få fram mest mogeleg reelle tal i budsjettet for neste år. Resultatet er eit budsjett med ein netto auke i utgiftene på 2,2 prosent, og som berre har rom for 6,7 nye stillingar neste år.

Store investeringar
Investeringsbudsjettet for 2018 utgjer 150 millionar kroner.

– Nokon vil kalla dette eit lite ekspansivt budsjett. I vår situasjon er det likevel fornuftig, seier Lid.

To store investeringar står på rådmannen sitt program dei komande åra: Den nye skulen på Spildepollen skal løysa noko av utfordringa med «trangbudde» skular i kommunen. Investeringa er kostnadsrekna til 108 millionar kroner. 65 av dei må finansierast over budsjettet for 2018.

Det vert også lagt opp til ei etterlengta utviding av Stranda skule kostnadsrekna til 18 millionar.

Vekstprognoser
Den etterpåfølgjande diskusjonen i Formannskapet i dag antydar at politikarane i Sund ikkje er samde med rådmannen i at kommunen berre skal leggja opp til å dekka det mest prekære behovet. Dei ser for seg at skuleutvidingane også skal ta høgde for framtidig vekst innanfor dei aktuelle krinsgrensene.

Kanhende bør ein også ta ein prat med Fjell om kva som skal skje med Tellnes skule?

Diskusjonen fram mot den endelege budsjettbehandlinga i desember vil gje svar på korleis politikarane sine vekstprognoser vil påverka skuleinvesteringane.

Kunstgras
I forslaget til investeringsbudsjett har rådmannen teke ut 3 millonar til oppgradering av kunstgrasbanen på Skogsvåg. Varaordførar Nils Kåre Skoge (H) er ein av dei som er uroa over at idretten har så tronge kår i budsjettframlegget.

Omsorgsbustadar
Omsorgsbustadar for eldre vert den andre store investeringa.

Les: Sund lagar omsorgssenter i Skogsskiftet

Dei 20 omsorgsbustadane har ein kostnadskalkyle på 75 millionar kroner, korav 45 millionar må takast av neste års budsjett.

-Arbeidet med omsorgsbustadane har kome så langt at det er vanskeleg å gjera noko med dette punktet, hevda ordførar Kari Anne Landro.

Eigenbetalingar
Omsorgsbustadane vert føresett finansiert gjennom eigenbetalingar frå dei framtidige bebuarane.

Leigekostnadane er enno ikkje avgjort. Å sikra at leigetakarane får økonomi til eit liv i tillegg til å bu vil vera viktig. Ein auke i rentekostnadane kan også få uheldig innverknad på husleiga, så framt kommunen ikkje bind renta, seier Lid.

Rekordhøg lånegjeld
Sund planlegg å gå inn i nye Øygarden kommune med ei rekordhøg lånegjeld på 564 millionar kroner. Ein auke på 119 millionar samanlikna med i dag.

Renteutgiftene vert planlagt å auka frå 9,1 millionar i 2018 til 12,1 millionar i 2020, føresett at renta held dagens nivå.

Bemanningsnorm
Den varsla bemanningsnormen for barnehagar er ein annan faktor som kan velta budsjettet. Slår den inn slik det er varsla, vil det utgjera årlege meirutgifter på 5 millionar kroner, ifølgje Lid.

Kva med lærartettleiken på skulane? Her ligg Sund høgare enn mange andre kommunar. Ikkje alle politikarane ser for seg at auken i bemanninga føl rådmannen sine tilrådingar.

I Askøy har dei ei meir fleksibel tilnærming. Der kan ein sjukepleiar vera tilsett på ein skule, orienterte Jogeir Sognnæs (A).

– Eindel av dei føreslegne stillingane har med seg økonomisk støtte frå Stat og fylkeskommune. Difor vert det viktig at administrasjonsutvalet får kvar einskild stilling opp til vurdering, hevda Jørgen Kausland (H).

 

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s