Vil dela på leiarvervet

Ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden bør dela på vervet som leiar for Fellesnemnda fram mot kommunevalet hausten 2019.

Føreslår å dela på leiarvervet: Børge Haugetun (Øygarden), Kari Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Det vert føreslege i ei sak Fellesnemnda skal ha til behandling 30. oktober.

Kari Anne Landro skal leia forhandlingane fram til mai neste år, vert det føreslege i saksframlegget. Då overtek Børge Haugetun i Øygarden. Han skal leia arbeidet fram til januar 2019. Då overtek Marianne Sandahl Bjorøy for siste etappen fram mot september 2019 og valet på nytt, felles kommunestyre.

At Sund-ordførar Kari Anne Landro under det konstituerande møtet i Fellesnemnda uventa vart vald til leiar for arbeidet med å losa Fjell, Sund og Øygarden saman til ein kommune har vekt reaksjonar.

Les: Kari Anne Landro ny leiar i Fellesnemnda

Fram til det konstituerande møtet i Fellesnemnda var det Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som hadde leia forhandlingane dei tre kommunane i mellom.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s