Ein prosess som ikkje står seg

Ordførar Børge Haugetun tek sjølvkritikk for måten Marianne Sandahl Bjorøy vart fråteken leiarvervet i Fellesnemnda.

Det at fleirtalet i Fellesnemnda ikkje i forkant signaliserte at dei ønska ein annan leiar enn Marianne Sandahl Bjorøy, skapte ein prosess som ikkje står seg, hevdar Børge Haugetun.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell var leiar for den Førebuande Fellesnemnda. Dei fleste hadde teke for gitt at ho også skulle leia dei endelege forhandlingane fram mot kommunesamanslåinga 1.1.2020.

Valet av Sund-ordførar Kari Anne Landro som leiar for Fellesnemnda istaden for hennar kollega i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, slo difor ned som ei bombe på nemda sitt konstituerande møte.

Les: Kari Anne Landro ny leiar i Fellesnemnda

Dårlig prosess
Det overraskande vedtaket har i etterkant ført til mykje snakk, og har spreidd mistru kring arbeidet som Fellesnemda skal gjera med å slå saman dei tre kommunane.

-Det vart ein dårlig prosess. Ikkje fordi Kari Anne vart valt til leiar, men fordi det ikkje var ein open prosess, seier Haugetun.

Det at fleirtalet stilte i Fellesnemdna utan på førehand å ha signalisert at dei ønska ein annan kandidat enn Sandahl Bjorøy, skapte ei uheldig forståing av situasjonen.

– Eindel, særleg i Fjell, har oppfatta dette som om nabokommunane vil nytta fleirtalet i nemnda til å få gjennom sitt syn, seier Haugetun.

Ei god løysing
Innspelet frå Kari Anne Landro om at dei tre ordførarane bør dela på leiaransvaret, er ei god løysing som vil fungera, slik Haugetun ser det.

Les: Vil dela på leiarvervet

Øygardsordføraren har hatt fleire møte med sine kolleger i Fjell og Sund siste dagane. No trur Haugetun at arbeidet er tilbake på sporet.

– Samarbeidet fungerer smertefritt. Det er ikkje der skoen trykkjer, forsikrar Haugetun.

Mista tillit
No håpar Øygardsordføraren å få prosessen tilbake på skinner.

Det leie er at eindel av innbyggjarane i Fjell har mista tilliten til prosessen. Samarbeidet dei tre kommunane i mellom er sett betydeleg tilbake som følgje av måten leiarvalet vart gjennomført på, beklagar Haugetun.

– Vi kan nok sleppa unna med å utnytta situasjonen reint fleirtalsmessig, men då kan vi få store problem med samarbeidet etter 2020, åtvarar Haugetun.

-Øygarden har ingenting å tena på splittelse når ein skal byggja noko nytt som skal stå seg for ettertida, forsikrar Haugetun.

Geografisk representasjon
Samstundes åtvarar han dei andre medlemmane i Fellesnemnda mot å leggja for sterk vekt på partipolitikk i prosessen. Fellesnemnda skal ha geografisk representasjon.

– Vi kan ikkje byggja ein ny kommune på at dei blå gjorde det vanleg godt i siste valet, sjølv om det tilsynelatande er meininga hos einskilde innbyggjarar.

Les: Gjestekommentar: Nye Øygarden – eit ikkje sosialistisk fleirtal

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s