Kvifor somlar Regjeringa med bompengesøknaden?

Stortingsrepresentanten Ruth Grung (A) vil gjerne ha svar på kvifor Regjeringa stadig utset behandlinga av bompengesøknaden for nytt Sotrasamband.

Stortingsrepresentant Ruth Grung, (A) Foto: Stortinget

I eit skriftleg spørmål til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) tek stortingsrepresentant Ruth Gung (A) opp det sårbare Sotrasambandet og behovet for å få fortgang i arbeidet med eit nytt samband.

-To-feltvegen over Sotrabrua er einaste samband mellom øykommunane Fjell, Sund og Øygarden med 36.500 innbyggjarar og Bergen. I mange år har det vore store utfordringar knytta til trafikkavvikling, med eit snitt på 26.500 passeringar i døgnet, svært høge ulukkestal og manglande høve til å prioritera kollektivtrafikk.

– Regjeringa lova behandling før sommaren, deretter før valet. Kva er årsaka til forseinkingane, og når vil bompengesøknaden verta sendt frå Regjeringa til behandling i Stortinget?, spør Grung samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s