Risikerer å tapa 37 millionar i eigedomsskatt

Øygarden kommune sitt tap av 37 millionar kroner i eigedomsskatt frå petroleumsinstallasjonane kan i neste omgang føra til auka skatt for småverksemdene.

37 millionar utgjer 25 prosent av det Øygarden får inn i eigedomsskatt frå petroleumsinstallasjonane på Sture og Kollsnes.

Det var ordførarar Børge Haugetun som i dag orienterte medlemmane i Formannskapet om verknadane av Regjeringa sitt forslag til endringar i eigedomsskatten på verk og bruk for kraft- og petroleumskommunar.

Uoversiktleg situasjon
Regjeringa sitt forslag til endringar er ganske komplisert, og situasjonen er ganske uoversiktleg. Det ser ut til at Øygarden vil tapa 37 millionar kroner som følgje av endringane, seier Haugetun.

Øygarden er ikkje mellom dei kommunane vert verst ramma, slik det ser ut i dag. Forslaget vil uansett få store konsekvensar for økonomien i kommunen. 37 millionar er 25 prosent av dei inntektene ilandføringskommunen idag hentar frå petroleumsverksemda.

Småverksemdene kan tapa
I følgje Regjeringa sitt forslag skal endringane i eigedomsskatten fasast inn gradvis over fem år, frå 2019.

-Det er dei aller største energileverandørane som vil tena på dette. I neste omgang riskerer småverksemdene å verta taparane. No må Øygarden vurdera korvidt vi skal innføra ein generell eigedomsskatt på næring for å kompensera for delar av inntektstapet, seier Haugetun.

Vil ha lovutval
Meir enn halvparten av norske kommunar vert ramma av forslaget, i større eller mindre grad. Kommunane ber no om at det vert nedsett eit hurtigarbeidande lovutval som skal utgreia konsekvensane av forslaget.

– Ved å ta dette over statsbudsjettet, omgår Regjeringa Stortinget, som er lovgjevande mynde. Vi meinar konsekvensane av Regjeringa sitt forslag er for uoversiktlege til at endringane kan innførast på denne måten, seier Haugetun.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s