Bompengesøknaden til Stortinget i mars?

Bompengesøknaden for nytt Sotrasamband kjem tidlegast opp til behandling i Stortinget i mars 2018.

Orienterte kommunestyret. Ordførar Marianne Sandahl Bjoøry håpar at anbodsdokumenta for OPS-utlysinga kan utarbeidast parallellt med førebuinga til Stortingsbehandlinga av bompengesøknaden.

Køsituasjonen tilseier at Sotrastrilen lenge har venta utolmodig på anleggsstart for Sotrasamband, men først må Stortinget behandla bompengesøknaden.

Les: Kvifor somlar Regjeringa med bompengesøknaden?

Løypemelding
Ifølgje ei oppdatert løypemelding frå Statens vegvesen kan Stortinget tidlegast få bompengesøknaden til behandling i mars neste år, kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) fortelja kommunestyret under dagens møte.

Parallell behandling
Sandahl Bjorøy håpar dette ikkje vil føra til ytterlegare utsetjing av anleggsstarten, men at anbodsdokumenta for OPS-utlysinga kan verta utarbeida parallelt.

Det nye Sotrasambandet er kalkulert å kosta 9,7 milliardar kroner. 5,9 millionar av dette skal finansierast ved hjelp av bompengar.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s