– Ei svekking av den lokalpolitiske styringa

Talet på politiske møte i Fjell skal halvverast neste år. I staden skal dei store diskusjonane takast i Fellesnemnda, saman med Sund og Øygarden.

– No vert det Fellesnemnda som skal styra Fjell, hevdar Anita Garlid Johannessen (FrP). Ho hadde håpa på ein prinsipiell debatt om kva saker som framleis skal behandlast i politiske møte i kommunen.

Forslaget til ein møteplan pleier vanlegvis ikkje innehalda politisk sprengstoff. Då kommunestyret i Fjell skulle vedta utkastet til møteplan for 2018, vekte den tilsynelatande uskyldige saka likevel protestar.

Færre møte
Protestar ikkje på grunn av dei føreslegne datoane, men fordi talet på møte i dei politiske vedtaksorgana nærast vert halvert. Talet på møte i Kommunestyret vert redusert frå ti til seks. Det same er tilfelle med talet på møte i Formannskapet og i Komité for Drift og forvaltning. Berre i Komité for Plan og utvikling skal møta ha tilnærma same frekvens som i år.

Fellesnemnda overtek
Rådmannen grunngjev reduksjonen med at Fjell no for alvor går inn i prosessen med samanslåing med Sund og Øygarden.

Det som fekk det til å renna over for Anita Garlid Johannessen (FrP), var denne påstanden frå rådmannen i saksutgreiinga:

– Mange store og viktige politiske saker vil verta lagt til fellesnemnda i staden for til dei faste utvala i kommunane.

– Dette vert ei svekking av den lokalpolitiske styringa. No vert det Fellesnemnda som skal styra Fjell, hevdar Garlid Johannessen.

Ikkje ressursar?
Forslaget framstiller det nesten som om administrasjonen ikkje lenger har tid til å jobba med Fjell-saker. Vel har eindel av dei kommunale ressursane blitt overført til prosjektleiaren for Fellesnemnda, men fram til 1.1.2020 skal då kvar av kommune driftast tilnærma som før, seier Garlid Johannessen til nettavisa Tunnelsyn.

Står utanfor
– Ikkje alle partia er representert i Fellesnemnda. Dei vil stå utanfor når dei viktige avgjerdene som gjeld Fjell vert tekne, argumenterer Garlid Johannessen.

FrP sin gruppeleiar hadde håpa på ein prinsipiell debatt kring temaet. Berre Ernst Morten Einarsen (H), leiar for Komité for Drift og forvaltning og gruppeleiar for Høgre såg problemet. Han ville ha med eit tillegg om at det må vera rom for å kalla inn til ekstramøte ved behov. Noko kommunestyret samrøystes støtta opp under.

– Det er vanskeleg å ta opp denne saka når dei småpartia dette gjeld berre sit og nikkar og er einige, sukkar Garlid Johannessen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s