Barnehageflukt kostar for Fjell

Det er etterkvart såpass mange foreldre som vel å ta ungane sine ut av barnehagane i Fjell til fordel for barnehagar i andre kommunar, at det utgjer ein vesentleg kostnadsauke for Fjell.

Barnehagemobilitet på tvers av kommunegrensene kan koma til å kosta Fjell 13,6 millionar kroner i form av tapte inntekter og auka kostnadar i 2017. Berre sidan i fjor har utvikling gått 4 – 5 millionar i feil retning.

Ikkje alle foreldre ønskjer, eller har høve til, å ha ungane sine i barnehagar i kommunen der dei bur. Omsynet til arbeidsplassen til dømes, medfører at eindel foreldre heller vel å plassera ungane i ein barnehage i nabokommunen.

Flyttar ut
Første halvår i år førte barnehagemobiliteten over kommunegrensene til at Fjell mista eit 50-tals ungar frå barnehagane i kommunen, samanlikna med første halvår i fjor, viser ein oversikt nettavisa Tunnelsyn har fått frå servicetorgsjef Lillian Torsvik i Fjell.

13,6 millionar
Fjell betalar for å ha ungar i barnehagar utanfor kommunen. Likeeins får dei ekstra inntekter for ungar frå andre kommunar som går i våre barnehagar.

For 2017 kan barnehagemobiliteten over kommunegrensene koma til å innebera eit inntektstap, kombinert med ekstra kostnadar, på totalt 13,6 millionar kroner for Fjell kommune, føresett at utviklinga i andre halvår heldt fram som i første halvår.

Fleire flyttar ut
Stadig fleire fjellsokningar pendlar til Bergen. Heile 64 av dei 83 små fjellsokningar som gjekk i barnehagar utanfor kommunen i første halvår i år oppheld seg på innsida av Sotrabrua ein stor del av dagen.

På eitt år har talet på fjellsokningar i barnehagar utanfor kommunen auka med 32.

På årsbasis kan smårollingar i barnehagar utanfor kommunen koma til å innebera ein meirkostnad for Fjell på kring 10 millionar kroner, nær to millionar meir enn i fjor, i følgje oversikten.

Tapte inntekter
Samstundes auka talet på foreldre busette i andre kommunar som valde å ta ungane sine ut av barnehagane i Fjell. Medan det i første kvartal i fjor gjekk 41 små øygardsstrilar, sundsokningar og bergensarar i barnehagane i Fjell, var det berre att 26 i første kvartal i år.

Aukar med 4 – 5 millionar
Prognosane for 2017 tilseier at meirkostnadar til nabokommunane, kombinert med reduserte inntekter, vil utgjera 4 – 5 millionar kroner meir i år enn i fjor, om utviklinga frå første halvår 2017 held fram i andre halvår, ifølgje Torsvik.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s