Viste leiarskap – deler på makta

Representantane i Fellesnemdna gjekk i seg sjølv. Endeleg tok dei den diskusjonen om leiarvervet dei burde ha teke i forkant av konstitueringa.

Sundordførar Kari Anne Landro skal leia Fellesnemnda fram til mai neste år. Her saman med prosjektleiar Paul J. Manger.

Kari Anne Landro viste leiarskap og tok ansvaret som vald leiar for Fellesnemnda i dagens møte. Sundordføraren understreka at forslaget om tredelt leiarskap var hennar forslag.

Les: Vil dela på leiarvervet

Utan å nøla tok ho fatt i den diskusjonen som har gått både mellom medlemmane og mellom innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden etter siste møte, og la fram ei grundig argumentasjon for kvifor leiarvervet burde delast.

Les: Kari Anne Landro ny leiar for Fellesnemnda

-Intensjonsavatalen som vart vedteken våren 2016 fastslår at dei tre kommunane skal inngå som likeverdige partar i forhandlingane. Det vil dei verta med forslaget om rullering av leiarvalet, argumenterte Landro.

– Vi som ordførarar får veldig tett kommunikasjon. Alle tre vil stå på alle mailingslister, og får same informasjon, la ho til.

-Det er mange viktige vedtak som skal gjerast fram mot 2020. Der kan vi ikkje feila. Det kan vi ikkje gå tilbake på. Eg trur eg heile Fellesnemnda med meg når eg ønskjer at når 2020 kjem, skal alle kunna sjå tilbake på ein god prosess, sa Landro.

Ta lærdom
Dei fleste representantane i Fellesnemnda gav uttrykk for at dei synes det var kome opp ein uheldig situasjon. Fleire tok avstand frå dei personkarakteristikkane dei sjølv har nytta etter at ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overraskande vart vraka som leiar.

Her bør medlemmane i Fellesnemnda ta lærdom av det dei karakteriserte som ein lite open prosess, verka det vera semje om.

Ikkje alle synes den tredelte løysinga er god. Dei ser likevel at det her er avgjerande å koma vidare i ein prosess med knappe fristar.

Mot ei røyst
Mot røysta til Svein Bergh (SL) vedtok dei 17 representantane å støtta forslaget om eit tredelt leiarskap av Fellesnemnda.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s