Båtruta i hamn – i budsjettet?

Den lenge etterlyste båtruta mellom Ågotnes til Bergen ser ut til omsider å kunna sigla i hamn – i det minste i budsjettet.

-Ka tid kjem båtruta, spurte fv. Trine T. Trygvesdotter og Anita Fjeldstad, etter å ha vore med Teisten på den historiske båtreisa under Sykkel VM. No ser det ut til at dei kan få positivt svar frå Fjell kommune.

Sotrastrilane protesterer stadig heftigare mot å stå i kø heilt til det nye Sotrasambandet står ferdig, tidlegast i 2024.

Pilotprosjektet med ei båtrute mellom Ågotnes og Bergen sentrum under Sykkel VM, overtydde svært mange av skeptikarane om at båt kan vera ei løysing.

Les: – Ka tid kjem båtruta?

Inn i budsjettet
Opposisjonen, anført av SV og Sotra Lista, dei siste med støtte frå Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet, vil alle ha midlar til ei båtrute inn i budsjettet for Fjell for 2018.

Ei båtrute vil kosta anslagsvis 11 millionar kroner for eitt års drift, har rådmann Steinar Nesse rekna ut.

Prøveprosjekt

Hege Misje (Sotra Lista) meinar vi vil trenga ein ringbuss som kan transportera båtpassasjerane til kaien.

-Fjell kommune har store trafikale utfordringar. Kollektivløysingar og eit rutetilbod med båt vil kunna bidra til å betra situasjonen, innleia Hege Misje (SL) då ho på vegne av Venstre, Sp og MDG fremma forslag om at det vert sett av seks millionar kroner til eit prøveprosjekt med båtrute Ågotnes – Bergen. Samstundes må det setjast av 4 millionar til ein ringbuss som kan frakta passasjerar til og frå kaien.

Opposisjonspartia føreset at det vert innleia forhandlingar med Hordaland fylkeskommune om tiltaket.

SV og Andreas Sjalg Unneland (tv) har vore ein pådrivar for å få innført ei båtrute. Her saman med partikollegene Aud Karin Oen og Symphorien Pombe.

Ingen kø
– På sjøen er det ingen kø. Det trengst heller ingen asfalt, hevdar Andreas Sjalg Unneland (SV).  Under dagens budsjett-debatt i Komité for drift og forvaltning foreslo han å ta inntil 10 millionar frå kommunen sine fond til å setja i gang eit halvårleg prøveprosjekt for å testa responsen.

Støtte frå AP?

Odd Valvatne (A) lovar å gå frå hus til hus på Ågotnes og spørja om folk vil ta båten til Bergen.

Forslaga ser ut til å kunna få støtte frå Arbeiderpartiet. I  så fall vil det vera fleirtal i kommunestyret i Fjell for at det skal avsetjast midlar i budsjettet for neste år til eit prøveprosjekt.

Kor lang ein prøveperiode vil vera, og kor store midlar det vil vera snakk om, vil verta avgjort i forhandlingane fram mot den endelege budsjettbehandlinga i desember.

-Arbeiderpartiet er opptekne av å få energieffektive og klimavenlege løysingar inn i budsjettet. Ei båtrute vil kunna vera eit slikt tiltak. Den bør også inn i klimaplanen som skal opp over nyttår, seier Odd Valvatne (A).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) har tidlegare opna for ei slik løysing.

Les: Opnar for hurtigbåt til Ågotnes

-Båtruta har vore drøfta internt i Arbeiderpartiet. Eg synes vi har gjort altfor lite for å realisera tiltaket. Sjølv kan eg godt tenkja meg å gå frå hus til hus på Ågotnes for å spørja om folk kan tenkja seg å reisa med slik kollektivtransport, sa Valvatne.

Treng konsesjon
Diskusjonen med fylkeskommunen ser ut til å kunna verta den store bøygen for ei verkeleggjering av det miljøvenlege kollektivtiltaket. Utval for miljø og samferdsel skulle etter planen ha lagt fram ein plan for båtruter i fylket til møtet tidlegare i oktober, men den er utsett.

-Det hjelper lite om vi set av pengar, dersom det heile strandar på at vi ikkje har konsesjon for å driva båtruta, sukka Valvatne.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s