Kommenter: Ingen kan overleva av frivillig innsats

Det er forskjell på ”arbeid” og ”arbeid”, skal vi tru forslaget frå Høgre og Arbeiderpartiet til felles budsjett for Fjell for 2018.

Odd Valvatne (A) la fram det felles budsjettframleggt frå Høgre og Arbeidarpartiet for KDF. Har han gløymt at namnet «Arbeidarpartiet» forpliktar?

Å høyra Arbeidarpartirepresentanten Odd Valvatne leggja fram det felles budsjettframlegget frå Høgre og Arbeiderpartiet i Komité for drift og forvaltning i går var tankjevekkjande.

Høg arbeidsløysa
Arbeidsløysa er framleis høg i Fjell, 4,1 prosent ved utgangen av september. Fleire langtidsledige, særleg i aldersgruppa 30 – 39 år, fører til auka press på sosialbudsjettet. Her oppfordrar våre lokale ”regjeringsparti” NAV om å bruka ekstra midlar til oppfølging av denne aldersgruppa, for å redusera arbeidsløysa til eit minimum.

Tiltaket høyres fornuftig ut, hadde det ikkje vore for punktet som kjem etter:

-Kommunestyret erkjenner at frivillig arbeid vil vera ein bærande bjelke mellom anna i omsorgstenestene i framtida, skriv Høgre og Arbeidarpartiet i budsjettframlegget.

Les: Frivillig sektor er nøkkelen til redusert arbeidsløysa

Namnet forpliktar
Frå Høgre hadde vel ingen venta noko anna, men frå Arbeidarpartiet? Har Arbeiderpartiet gløymt at namnet forpliktar? Dei har ein historie å leva opp til!

Politikarane gløymer signaleffekten. I eine augneblinken snakkar dei opp planane om eit lokalmedisinsk senter, og grunngjev behovet med aldrande innbyggjarar. I det neste definerer dei samfunnskritisk omsorgsarbeid som noko som bør skje på frivillig basis.

Treng høgare status
I budsjettframlegget nedvurderer ”regjeringspartnarane” i Fjell ei yrkesgruppe som alt i dag slit med lavt omdøme, og som gjennom mange år har jobba bevisst for å heva statusen gjennom tilbod om fagopplæring til dei tilsette.

No signaliserer Arbeidarpartiet og Høgre i staden at ”alle” tilsynelatande kan driva med omsorg. Slikt treng vi då ikkje betala for, legg Høgre og Arbeidarpartiet i Fjell føringar for.

Om vi meinar alvor med at vi treng fleire omsorgsarbeidarar i framtida, bør yrka i staden få høgare status. Det vil dei få gjennom ei auka profesjonalisering, 100 prosent stilling og høgare løn.

Robotisering
Omsorgsyrka er truga av frivillig innsats på den eine sida, av velferdsteknologi og robotisering på den andre.

Fjell bør starta digitalisering av omsorgstenestene, føreslår ”regjeringspartia”. Vi risikerer at arbeidsplassane forsvinn fortare enn samfunnet klarar å skapa nye.

Har Statoilmedarbeidaren Odd Valvatne gløymt at det berre er sterke fagforeiningar som så langt har hindra at ubemanna, fjernstyrte oljeplattformar for lengst har blitt normen i Nordsjøen? Teknologien er ikkje noko hinder.

Redefinerer ”arbeid”
I ei tid der NHO-sjef Kristin Skogen Lund leitar med lys og lykte etter ein ny definisjon på arbeid, representerer det eit paradigmeskifte når talspersonar frå Arbeidarpartiet tek til orde for å omdefinera samfunnskritiske omsorgsoppgåver til uløna frivillig innsats.

Ingen har så langt overlevd av å yta frivillig innsats, så vidt eg veit. Kan Valvatne dokumentera det motsette?

Sosialhjelpsatsar
Høgre og Arbeidarpartiet uroar seg også for aukande barnefattigdom. For å kompensera utgiftene til foreldre som i aukande grad jobbar gratis med frivillige tiltak, foreslår dei å finansiera skuleturar for elevar i 10. klasse.

Ein einsleg forsørgjar med ein unge i Fjell har utbetalt 620 kroner mindre i sosialtrygd i månaden enn om ho hadde budd i Øygarden.

Om politikarane i Fjell berre tenkjer seg litt om, bør dei ikkje verta forundra om mange av foreldra som slit med å få endane til å møtast i kommunen heller ville ha sett pris på å få utbetalt staten sine tilrådde satsar for sosialhjelp til barnefamiliar.

Høgstatusverv
I likhet med Valvatne tenar mange av dei folkevalde i Fjell langt betre enn fjellsokningane flest, avslører likninga for fjoråret. Kva om politikarane går føre med eit godt eksempel?

Politikk er eit frivillig verv. For å sikra eit ekte engasjement og hindra at politikk er noko ein driv ut frå eigeninteresse, bør politiske verv av prinsipp ikkje vera løna. For å sikra lik sosial representasjon bør likevel politikarar med ei årsløn under 1,5G få utbetalt tariffesta minsteløn som kompensasjon for dei timane dei brukar i kommunestyre og politiske komitéar og utval.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s