Kuttar kostnadar i leiteboringa – leitar etter investorar

Gründarane bak nisjeverksemda Coreall på Straume oppdaga eit ”svart hol” i leiteboringsprosessen. Slik vart dei den raskast veksande verksemda i Fjell i fjor.

Per Erik Berger (tv) og Alf R. Berle vil gjera det mogeleg for geologane å utføra sanntids analyser på dataskjermen. Framfor dei ein kjerneprøve og ein modell av kjerneprøvetakaren som lar geologen sortera vekk uinteressant materiale undervegs i leiteboringa.

Gründarane Per Erik Berger og Eirik Renli i Coreall AS har bakgrunn frå offshore boreverksemd. Slik oppdaga dei noko ingen andre hadde tenkt på tidlegare i samband med leiteboring etter olje.

I 2012 starta dei Coreall AS med idéen om at dei ville integrera sanntids målingar i leiteboringsprosessen.

Såg ikkje poenget
Coreall har funne ein nisje i oljeproduksjonen. Ein nisje som er så liten at dei store aktørane lenge ikkje såg poenget i å investera i forsking og utvikling som kan forbetra teknologien og effektivisera prosessen, seier prosjektleiar Alf R. Berle. Han er hyra inn for å styrka verksemda i den føreståande kommersialiseringa av teknologien.

Analyser av tidsbruken i leiteboringa, som gründarane har gjennomført, viser at idéen absolutt har noko for seg, seier Berger.

– Når den kommersielle versjonen av verktøyet vert teken i bruk, vil den kunna spara oljeselskapa for 1 – 2 millionar dollar i riggleige, hevdar gründaren.

– Timinga vår var rett. I 2014 kom oljekrisa, og oljeselskapa byrja ei desperat leiting etter ny teknologi som kan kutta kostnadar, smiler Berle.

Raskast veksande
Analysen av rekneskapen viser at Coreall AS var den raskast veksande verksemda i Fjell i 2016, har Dagens Næringsliv rekna ut. Sidan starten i 2012 har inntektene vakse med 946 prosent. Straumeverksemda kvalifiserer med god margin til gaselle-status i næringslivsavisa si årlege rangering av norske vekstverksemder. Omsetnaden enda i fjor på 13,6 millionar kroner.

Heile inntekta kjem frå oljeselskapa Lundin, BayernGas og DEA til finansiering av teknologiutviklinga. ”Oljemyggane” forstod tidleg at skulle dei overleva i konkurransen med dei store, måtte dei tenkja annleis.

Coreall har og fått støtte frå Innovasjon Norge og Forskningsrådet.

Analyser i sanntid
Det Berger og Renli har gjort, er å montera sensorar for måling av radioaktivitet og elektrisk motstand i det tekniske utstyret som tek kjerneprøvane under leiteboringa. Slik vert geologane om bord på riggen i stand til å analysera grunntilhøva boret arbeidar seg gjennom i sanntid direkte på dataskjermen.

No kan dei oppdaga indikasjonar på olje medan boret framleis arbeider nede i formasjonane. Dei vil kunna stoppe leiteboringa om reservoaret tek slutt.

Dei vil også kunna sikra at dei kjerneprøvane som til sist vert henta opp på dekk berre inneheld materiale som vil vera interessante for geologane.

– Kvaliteten i leiteboringa vert betre, samstundes som oljeselskapa sparar kostbar riggtid, forklarar Berger.

Kvalifisering på land
Så langt har utstyret gjennomgått fire fullskala testar i testbrønnar. Neste steg vert å kvalifisera utstyret for kommersiell bruk. Det ønskjer dei å gjera på land, fordi kostnadane og konsekvensane ved feil er svært mykje lågare enn i brønnar offshore.

Aller helst ser dei at kvalifiseringa kan skje i USA, men Midt-Austen kan og vera aktuell, ifølgje Berger.

Leitinga etter kommersielle investorar som kan ta teknologien fram til kommersielt produkt har byrja. Innan ein treårsperiode håpar dei å ha henta inn 15 millionar dollar, tilsvarande 135 millionar kroner.

– Det er lettare å starta ei verksemd i Norge enn i mange andre land, men det er vanskelegare å veksa. Norge har relativt liten tilgang på risikovillig kapital, hevdar Berle.

Utan mannskap
Coreall AS er eit døme på dei nye norske vekstverksemdene. Verksemder som aukar i omsetnad, men som nesten ikkje har tilsette, og som ikkje skapar faste arbeidsplassar. I alle fall ikkje i starten.

Begge gründarane er tilsette i andre verksemder. Ingen av dei har henta ut løn. Heile omsetnaden har i staden gått med til å hyra inn mannskap med spesialkunnskap på utvikling og programmering, og til å leiga verkstadar med rett utstyr til å gjera jobben, for ein kortare periode.

-Det har vist seg meir effektivt å nytta selskap med spesialkompetanse i starten, når aktiviteten varierer veldig. Då sikrar vi at kvar einaste krone av dei tildelte midlane går direkte til teknologiutvikling, seier Berger.

– I neste treårsperioden, når kommersialiseringa tek fart, reknar vi med å ha behov for 10 – 15 fast tilsette, seier Berger.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s