– Solvik-Olsen held Sotrastrilen for narr

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen eksperimenterer med OPS på Sotrasambandet utan at det fører til auka framdrift eller reduserte kostnadar, hevdar Ruth Grung (A).

Samferdsleminister Kjetil Solvik-Olsen svarar ikkje på når bompengesøknaden for Sotrasambandet vil verta lagt fram for Stortinget.

Ting tek tid i planlegginga av det nye Sotrasambandet, her Sotrastrilane erfart. Stadig er det nye hindre som må ryddast av vegen før anleggsarbeidet kan ta til.

Fjell, Bergen og dei øvrige kommunane har hastebehandla reguleringsplan og bompengesøknad. Så langt utan at det har ført til auka framdrift i Samferdselsdepartementet.

Når kjem bompengesøknaden?

Stortingsrepresentant Ruth Grung, (A) er sterkt skeptisk til måten samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har handtert planlegginga av Sotrasambandet. (Foto: Stortinget)

Stortingsrepresentant Ruth Grung (A) har fleire gongar etterlyst tidspunktet for når bompengesøknaden skal verta behandla i Stortinget.

Les: Kvifor somlar Regjeringa med bompengesøknaden?

Sist veke orienterte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell kommunestyret om at Statens vegkontor reknar med at bompengesøknaden tidlegast kan behandlast i Stortinget i mars neste år.

Snakkar ikkje med kvarandre
På toppnivå i Samferdselssektoren snakkar dei tydelegvis ikkje med kvarandre. Elles må svaret frå Statens vegkontor ha omgått samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Han kan slett ikkje lova noko tidspunkt.

– Den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet er inne i sluttfasen. Samferdselsdepartementet vil leggja bompengeproposisjonen fram for Stortinget så raskt som mogeleg. Deretter kan prosessen med kontrahering av OPS-selskap starta, skriv samferdselsminister Solvik-Olsen i eit skriftleg svar til Grung.

Har dei kontroll?
– Solvik-Olsen svarar ikkje på spørsmålet. Eg er usikker på om dei har kontroll, skriv Ruth Grung i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Regjeringa sitt val om å eksperimentere med OPS på et så stort prosjekt, har ikkje ført til auka fremdrift, heller ikkje til reduserte kostnader, seier Grung.

– Sotrasambandet er den mest sårbare innfartsåra kring Bergen. Sotrastrilane må oppleva at dei vert haldne for narr. Kommunane har gjort alt dei har ansvar for. No står det berre på Regjeringa si handlekraft, hevdar Grung.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s