Imponert over næringslivet i Fjell

Sjefrdaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv er imponert over vekstkrafta i næringslivet i Fjell. Heile 20 verksemder i kommunen kvalifiserte til gasellestatus i 2017.

Sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv held tommelen opp for næringslivet i Fjell.

Talet på gaselleverksemder i Fjell er dobbelt så høgt som i Askøy.

Ei gaselle er eit aksjeselskap som minst har dobla omsetninga dei siste fire åra. Det samla driftsresultatet er positivt, og verksemda har ikkje opplevd negativ vekst.

Dagens Næringsliv, i samarbeid med konsulentverksemda PwC og kredittinformasjonsverksemda Bisnode, kårar årleg dei norske verksemdene som har hatt sterkast vest siste åra. I dag vart kåringa for Hordaland avgjort.

Imponert over Fjell
– Fjell har imponerande mange gaseller, sett i lys av fallet i oljeprisen. I tilsvarande oljeavhengige kommunar i Rogaland er det omlag ingen vekstverksemder att, seier sjefsredaktør Amund Djuve i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

Redaktøren i landets leiande næringslivsavis rosar Fjell og Sund for å ha eit variert næringsliv. Sjølv om dei oljerelaterte verksemdene i Fjell ikkje heilt har kome seg over sjokket over fallet i oljeprisen, medverkar havbruk og fiskeri til å trekkja opp aktiviteten, konstaterer Djuve.

Oljeserviceverksemda Coreall AS havna på 6. plass i Hordaland, og er den verksemda i Fjell som har hatt sterkast vekst siste året.

Les: Kuttar kostnadar i leiteboringa – leitar etter investorar

Over snittet
Talet på vekstverksemder i kommunane vest for Bergen hald tritt med den aukande optimismen i norsk næringsliv. Kystkommunane vest for Bergen har likevel fleire vekstverksemder enn dei fleste andre kommunar.

20 gaseller i år inneber at Fjell har 7,5 gaseller per 10.000 innbyggjar. I 2016 var talet 5,6.

Sund følgjer hakk i hæl, med 7,1. Også her er det fleire gaseller i år enn i fjor.

Gunnhilda AS har sterkaste veksten i Sund. Krepseeksportøren kan visa til ein 31.plass i fylkessamanhang.

Les: Med morgonflyet til Paris

10 gaseller i Askøy tilsvarar 3,5 per 10.000 innbyggjarar. Her har talet sunke frå 3,9 i fjor.

Ei einsleg gaselle i Øygarden er ei mindre enn i fjor, og inneber at kommunen har 2 vekstverksemder per 10.000 innbyggjarar, ifølge Dagens Næringsliv.

Les: Fleire gaseller per innbyggjar

Ingen på pallen
Dei to siste åra har to verksemder frå Fjell konkurrert om å ha hatt sterkast vekst i Hordaland. Både i 2016 og 2015 gjekk IKM Cleandrill AS av med sigeren. I 2015 gjekk oljeserviceverksemda på Straume heilt til topps i Norge.

Les: IKM Celandrill heilt til topps

Årets Hordalandsvinnar kom frå Austevoll, og leverer tenester til havbruksnæringa.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s