Med morgonflyet til Paris

I eit kjellarlokale i Skogsvåg pakkar tre travle kvinner eksklusive delikatesser, klare til å sendast som flyfrakt til stjernepryda Michelin-restaurantar i europeiske storbyar.

Travle hender. Marianne Iversen (th), Aina Hagenes og Inga Serepiniene pakkar eitt tonn med Nordsjøkreps for den europeiske marknaden i veka. Desse er i storleik M, minstemål 14 centimeter.

Seint onsdag kveld. Tre kvinner med travle hender pakkar tusenvis av levande Nordsjøkreps i Gunnhilda AS sitt kombinerte fiskemottak og produksjonslokale i Skogsvåg. I løpet av eitpar timar er kreps sortert i storleikane XL, L og M pakka i isoporkassar med treull mellom laga. Grytidleg torsdag morgon ber det avgarde med flyfrakt til Paris, Barcelona, Lisboa eller ein annan europeisk storby.

Etterspurt delikatesse
Flyfrakt er einaste måten å sikra at krepsen vert levert så nyfiska som marknaden vil ha han. Innan ein veke etter at han er fanga i teiner på 300 meters djup ute i Nordsjøen er han servert til eit kresent publikum på ein topp-restaurant ute i Europa.

-Nordsjøkreps er ein etterspurt delikatesse som får høge prisar når han vert levert levande til topp-restaurantane kringom i Europa, fortel dagleg leiar Ståle Skoge i produksjonsverksemda Gunnhilda AS til nettavisa Tunnelsyn.no.

Prisnivået gjer det ulønsamt å levera til den lokale marknaden, ifølgje Skoge.

Nisjeverksemd
Gunnhilda AS har spesialisert seg på pakking og eksport av levande Nordsjøkreps. Kvar einaste veke, i månadane frå mai til desember, vert anslagsvis eitt tonn levande kreps sendt frå Skogsvåg til restaurantar i europeiske storbyar, ifølgje Skoge.

Skogefamilien har funne ein liten, men eksklusiv nisje. Så vidt Ståle Skoge veit, er Sund-verksemda einaste norske eksportøren av levande kreps.

Kvifor er han ikkje sikker på. Sjølv lærte han fisket i Skottland, der familien kjøpte første fiskefartøyet med ”bruk og alt”, tilbake i 1997.

Store investeringar
Stigande prisar og aukande internasjonal etterspørsel  medførte at Gunnhilda AS vart raskast veksande verksemda i Sund i fjor, i følgje Dagens Næringsliv si årlege gaselle-kåring. I rekneskapsåra frå 2013 og ut fjoråret auka omsetninga med heile 517 prosent, og enda på 7,4 millionar kroner.

Her kan du lesa om den raskast veksande verksemda i Fjell: Kuttar kostnadar i leiteboringa – leitar etter investor

Høge driftskostnadar og store investeringar, mellom anna i godkjend fiskemottak  med basseng der krepsen skal trivast i tida frå levering til pakking, medførte at driftsresultatet berre så vidt vert positivt.

Det vert i familien
Krepsefangsten er det det 80 fots fiskefartøyet i søsterverksemda Teineskjær AS som står for. Skoge-familien kontrollerer heile verdikjeden.

Ståle Skoge eig og driv dei to verksemdene saman med brødrene Hans Bjarte og Eivind. Sambuar og svigerinne står for pakkinga av krepsen.

Det gjeld å vera fleksible. Verksemda har vore prega av prøving og feiling. Tidlegare dreiv dei også med fangst og koking av krabbe, men det lønte seg ikkje, seier Skoge.

Utan konsesjon
Krepsefisket utgjer kring fjerdedelen av fangsten til fiskefartøyet Teineskjær. Når Skogefamilien ikkje fiskar kreps, går dei etter leppefisk, eller torsk og hyse.

Torskekvotane er blitt så kostbare siste åra at familien ikkje ser seg råd til å kjøpa fleire. Nordsjøkreps og leppefisk er to artar det ikkje trengst konsesjon for å fiska. Mange kystfiskarar har oppdaga problema med lakselus i oppdrettsbransjen. Konkurransen om å fiska etter leppefisk er etterkvart blitt beinhard. Mykje tyder på at fisket vil verta regulert frå neste år, seier Skoge.

Spår nytt rekordår
I så fall er Skogefamilien vel førebudd: 3.000 nye krepseteiner er alt bestilt, slik at dei får dobbelt så mange som i dag.

– Krepseprisen på den europeiske marknaden er stigande. Klassing av Teineskjær gjorde at vi mista to månadar av årets fiske, men 2018 vil verta eit nytt rekordår, spår Ståle Skoge.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s