– Det er lov å vera blid!

Damene blussa og dei verbarka Øygardskarane trakka forsiktig takten då Kai Robert Johansen underhaldt med velkjende schlagere av Jens Book-Jensen på Tednebakkane eldresenter.

Kai Robert Johansen fekk publikum til å syngja med. Her saman med fv. Rakel Rong og Jenny Alvhilde Rong.

Austlendingen Kai Robert Johansen dreg halve jorda rundt med trompeten sin og schlagere av Jens Book-Jensen. Nett heimkomen frå turne i USA er det eldresenter på Vestlandet som står for tur. I dag underhaldt han og kapellmeistar Harald Dyb seniorane på Tednebakkane eldresenter.

Ein gledesspreiar
– Jens Book-Jensen var ein gledespreiar og tidenes norske grammofonplateartist, grunngjev Kai Robert valet av repertoar.

I kjole og kvitt, og med flosshatten kjekt på snei song Kai Robert seg inn i hjartene med melodiar som ”Når kastanjene blomstrer”, ”Hver gang lysene tennes der hjemme” og ”Gamle Nordsjøen”.

Seniorane gynga og song med. Ingen tvil om at dei hadde høyrt desse tonane før…

Vekkjer minner
– Det gjev meg mykje å få seniorane med på allsong. Dei kjenner tekstane. Sjølv hos dei demente er det tydeleg at dette vekkjer minner, har artisten erfart.

Dagens opptreden inngår i ein turne som vart innleia på Chat Noir i april og inneheld eit utval av Book’n sine glansnummer frå ein lang karriere frå 1930-talet til nærare 1990. ”Det er lov å vera bli’!” spelte han inn så seint som i 1985.

Turneen har støtte mellom anna frå den Kulturelle Spaserstokken.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s